Me er normalt positive til søknad om bruksendring dersom hytta har ein viss standard – bl.a. dersom det er veg til hytta og de har lagt inn vatn og har godkjent avlaup.
De må altså søkje om bruksendring frå hytte til bustad.
Det betyr at de må melde flytting til kommunen – Vinje kommune er ein kommune med nullkonsesjonsgrense og det inneber at det er buplikt i alle bustadhus.
De kan søkje om permanent bruksendring eller mellombels bruksendring. De må søkje om dispensasjon frå føremålet i gjeldande plan – frå fritidsbustad til bustad.
Viss de går for mellombels bruksendring så er det bra om de oppgjev eit visst antal år de ønskjer bruksendring for.
For inntil 2 år så blir søknaden handsama administrativt, for lenger tid enn dette så er det planutvalet som skal handsame saka.
Søknaden kan de forfatte på e-post eller som eit vedlegg/brev.
Tiltaket må nabovarslast.
Naboliste kan de få ved å ta kontakt med kommunen si byggjesaksavdeling.
Rutinar for nabovarsling kan du lese meir om her:
Søknadsskjemaer for byggesak - Direktoratet for byggkvalitet (dibk.no)
Sjå under fana:
Nabovarsling for mindre byggeprosjekter (garasje, tilbygg, bod og bruksendring.
Søknaden sender de til postmottak@vinje.kommune.no eller
Vinje kommune, Vinjevegen 192, 3890 Vinje