Utmarksoppsyn

Reiseliv og landbruk er hovudsatsing for næringsverksemd i Vinje kommune. Båe næringane nyttar i periodar den same utmarka til same tid – til høvesvis friluftsliv og beitebruk. Vinje ynsker å sikre at næringane får høve til utøve sine aktivitetar i forståing med kvarandre sine interesser og behov.

Knut Olav Edland og Rune Århus var tilsett som utmarksoppsyn i Vinje kommune, sommaren 2020. Dei var å treffe i skog og mark der turfolk og beitedyr ferdast  -  i frå 15 juni og fram til haustferien. 

Oppsynet har ei vertskapsrolle i høve til alle som brukar utmarka i Vinje. Dei driv tilsyn med beitedyr og passar på at aktiviteten i utmarka skjer etter relevante lovverk. Dersom du treffer desse hyggelege karane i marka er det berre å ta kontakt anten spørsmålet gjeld lover og reglar, turtips, planter, sjuke og skadde dyr eller anna du har på hjarte. Dei vil etter kvart få avgrensa politimynde.

Utmarksoppsynet i Vinje er eit samarbeid mellom Vinje kommune, faglaga for landbruket, beitelaga, Rauland Turist og Fylkesmannen i Vestfold og Telemark.  I fyrste omgang er det eit treårig prøveprosjekt for å samle røynsle for eventuell vidareføring seinare. Vinje kommune har arbeidsgjevaransvaret for utmarksoppsynet.

Rapport 2021
Rapport 2020

Bålbrenning

Det er forbode å brenne bål i nærleiken av skog og utmark mellom 15. april og 15. september jf. forskrift om brannforebygging.
Brenning utanom dette tidsrommet skal godkjennast av brannvesenet ved leiar beredskap eller brannvakta i Vinje. 
Meir informasjon om brannvern finn du her
Kontaktinformasjon til Vest Telemark Brannvesen finn du her

Brenning av flis, bygningsmateriale og anna søppel er forbode jf. forureiningslova 

St. Hans bål:

  • Søknad til leiar beredskap eller brannvakta i Vinje
  • Det må ligge føre løyve frå grunneigar

All bålbrenning skjer på eige ansvar.

Utgifter brannvesenet måtte få på grunn av utrykking til bålbrann, kan bli kravd dekt av bålbrennar.

Storviltjakt

Reinsjakt -  20. august til 30. september.
Hjortejakt -  1. september  til 23. desember.
Elgjakt - 25. september til 23. desember.

Link til forskrift: https://lovdata.no/forskrift/2017-01-25-106

 

Bandtvang

Det er generell bandtvang i Vinje, jf. Lov om hundehald (hundelova) frå 1. april – 20. august.
Vinje kommunestyre vedtok 3. oktober 2013 lokal forskrift om hundehald i kommunen, der bandtvangen er utvida.

Om bandtvang § 2 i denne forskrifta står det: Hundar skal haldast i band og under forsvarleg oppsyn: a) I maskinpreparerte skiløyper heile vintersesongen b) I utmark der bufe beiter til 10. oktober c) På inngjerda mark der bufe beiter fram til 1. november. 
Unnatak er dei høve som er nemnde i hundelova § 9 Unnatak frå sikringsregelen.

Kart for beiteområde i Vinje

For meir informasjon sjå Kilden.nibo.no

 

Jegerprøve

Jegerprøveeksamen kan takast frå det året du fyller 14 år. Du må vere fylt 16 for å kunne drive sjølvstendig småviltjakt og fangst, og 18 år for å drive sjølvstendig storviltjakt. Frå 14 til 16 år kan ein vera med på opplæringsjakt utan å ha tatt jegerprøva, med ein erfaren jegar. Etter fyllte 16 år, må jegerprøva vere tatt. 

Jegerprøveeksamen består av eit obligatorisk kurs og ein skriftleg eksamen. Kursa arrangerast av lokale Jeger- og fiskeforeningar. Kommunen arrangerar eksamen i samarbeid med kursarrangør. For å kunne gå opp til eksamen må du ha gjennomført det obligatoriske kurset og framlegge bevis for betalt eksamensgebyr. Dersom du består prøva blir du registrert i jegerregisteret og får tilsendt jegeravgiftskort.

Dersom du ynskjer å delta på kurs i Vinje, tar du kontakt med Haukeli Jeger og fisk.
 

Fiske

I Vinje kommune finst det hundrevis av små og store vatn som til saman dekkjer eit areal på 250 km2.

Fiskeguiden

Du kan kjøpe fiskekort på Inatur.
Born under 16 år kan fiske gratis - hugs gyldig legitimasjon