Kommunestyret vedtok 19.11.20, sak 20/105, detaljregulering for gang- og sykkelveg i Øyfjell i medhald av plan- og bygningslova § 12 - 12.

Planen legg til rette for ny gang- og sykkelveg mellom Lidvegen og Øyfjell oppvekstsenter. Du kan klage på kommunestyrets vedtak i samsvar med plan- og bygningslova §§ 1 – 9 og 12 -12, jfr forvaltningslova kap. VI. Klaga må du sende til Vinje kommune innan 18. januar 2021. Dersom Vinje kommune ikkje tek klaga til fylgje, blir klaga sendt til fylkesmannen. Fylkesmannen tek endeleg stilling til klaga.