Næringsavdelinga har oppdatert kommunen sin næringsplan og sender den no ut på offentleg høyring.

Vinje kommune skal legge til rette for ei berekraftig næringsutvikling. Næringsplanen er ei oversikt over kva kommunen skal gjere for å støtte den lokale næringstutviklinga.

Gå til høyringsutkastet for ny næringsplan her

Næringsavdelinga i kommunen har no oppdatert næringsplanen. Har du innspel til den oppdaterte planen? Send inn dine innspel på e-post til postmottak@vinje.kommune.no. Skriv "Høyringsuttale næringsplan" i emnefeltet. Du kan også sende høyringsuttale som brev til Vinje kommune, Vinjevegen 192, 3890 Vinje. Me minner om at høyringsuttaler er offentleg informasjon som vil bli publisert i kommunen si postliste.

Alle kan komme med innspel, både næringsdrivande, privatpersonar, politikarar, kommunetilsette og organisasjonar. Alle innspel er velkomne, men me understrekar at næringsplanen er generell og ikkje går i djupna på enkeltnæringar. Det vil bli utvikla eigne strategiar for prioriterte næringar i kommunen, slik som reiseliv og jordbruk. Innspel som gjeld spesifikt for enkeltnæringar vil difor ikkje bli handsama i denne høyringsrunden.

Høyringsfristen er 31. mai 2023.