I samsvar med Domstollova § 67 oppfordrar kommunen allmennheita til å føreslå kandidatar.

Vinje kommune skal velje meddomarar til tre ulike utval

  • Meddomar til lagmannsretten – eitt utval for kvinner og eitt for menn
  • Meddomarar til tingretten - eitt utval for kvinner og eitt for menn
  • Meddomarar til jordskifteretten – like mange kvinner som menn

I tillegg skal kommunen fremje forslag til skjønsmedlemar som skal bli valde av fylkestinget.

Vervet som meddomar er ei borgarplikt. Vervet kan bli tidkrevjande. Krav til den som kan veljast går fram av domstollova §§ 70 — 72.

Kunne du tenke deg dette? Eller har du ein kandidat å foreslå til valet?
Då kan du sende forslaget ditt til postmottak@vinje.kommune.no eller til Vinje kommune, Vinjevegen 192, 3890 Vinje.

For meir informasjon kan du ta kontakt med Reidun Lofthus, reidun.lofthus@vinje.kommune.no eller mobil 918 10 902.

Frist for å kome med forslag er sett til 20. april 2020