Kven er me?

Helsestasjon for born er eit gratis og lågterskel tilbod. Vi som arbeider her er helsesjukepleiar, jordmor, barnefysioterapeut, psykisk helsearbeidar og lege.

Me tilbyr

  • heimebesøk
  • konsultasjonar etter gjeldande   helsestasjonsprogram
  • foreldrerettleiing
  • førebyggande familiearbeid
  • vaksinering etter gjeldande program - https://www.fhi.no/
  • vekt / lengde / hovudmål
  • oppfylgjing og samarbeid omkring barn med spesielle behov
  • grupper etter behov

 

Tverrfagleg samarbeid

For å sikre best mogleg oppfylgjing av born og familiar, der det er behov, samarbeider vi med andre instansar. Dette skjer alltid i samråd med foreldre. Vi samarbeider mellom anna med føde - barsel avdeling, fastlege, spesialisthelseteneste, pedagogisk- psykologisk teneste, barnevernteneste og barnehagar.

Småbarnsteam

Teamet er tverrfagleg samansett av helsesjukepleiar, fysioterapeut, psykisk helsearbeidar og førskulepedagog. Småbarnsteamet hjelper føresette og barnehage med rettleiing og rådgjeving. Målet er å gje auka kompetanse til dei som står barnet nærast, slik at dei kan få hjelp så tidleg som mogleg.

Barnefysioterapeuten tilbyr

  • konsultasjonar etter fastsett program
  • undersøking og tiltak til born med sein eller avvikande utvikling
  • trening og stimulering av born med nedsett funksjonsevne, individuelt eller i gruppe, etter vurdering
  • rettleiing / rådgjeving til foreldre og barnehage i høve til aktivitet og miljø

Me fylgjer barnet si utvikling

0 - 2 veker
Tilbod om heimebesøk. Helsesjukepleiar tek kontakt etter fødselen.

6 veker
Undersøking og samtale med lege og helsesjukepleiar. Vaksinering.

3 mnd. 
Samtale/ vaksinering hjå helsesjukepleiar.

4 mnd. 
Samtale med helsesjukepleiar og undersøking hjå fysioterapeut.

5 mnd.
Samtale / vaksinering hjå helsesjukepleiar.

6 mnd.
Undersøking og samtale med lege og helsesjukepleiar.

7- 8 mnd.
Samtale med helsesjukepleiar.

10 mnd.
Samtale med helsesjukepleiar.

1 år
Undersøking, vaksinering og samtale med lege og helsesjukepleiar.

15 mnd.
Samtale / vaksinering hjå helsesjukepleiar.

17 / 18 mnd.
Samtale med helsesjukepleiar.

2 år
Språkkartlegging og samtale med helsesjukepleiar og lege.

4 år     
Synsundersøking, språkkartlegging og samtale med helsesjukepleiar.

1. klasse
Skuleundersøking og samtale med helsesjukepleiar og lege. Høyrselstest.

Det er og høve til å koma utanom dei  faste konsultasjonane, dersom det er ynskjeleg eller ved spesielle behov.

Babysong

Helsestasjonen arrangerar musikktreff for barn med foreldre ved helsestasjonen i Åmot.

Det vert musikk, song og dansing. Her treffer ein andre foreldre med barn i same alder, og har det triveleg i lag.

Nina Rostin Svendsen har ansvar for song og musikk og helsesjukepleiar er med. Det er høve til å stille spørsmål om ting ein lurar på.

Om barnet ditt er sjukt

Er barnet sjukt og treng legetilsyn, må fastlege kontaktast (eventuelt legevakt på kveldstid / helg).

Fordi vi har born på helsestasjonen som er svært sårbare for smitte, ber me om at du ikkje tek med  sjuke born her.

Overføring av journal ved flytting og skulestart

Hovudregelen er at journalen skal overførast ved flytting til ny helsestasjon eller skulehelseteneste for å sikre ei fagleg forsvarleg oppfylgjing. Har du spørsmål i samband med oversending av journal, kan du ta dette opp med helsestasjonen før flytting.