Helsesjukepleiar har teieplikt. Du har høve til å få gratis kondomar og hjelp og rettleiing om kva for prevensjonsmetode som er best eigna for deg, t.d. p- piller, kondom, p- stav eller p-plaster. Me set inn p – stav.

Du kan også ta kontakt viss du treng graviditetstest eller å ta prøver for seksuelt overførbare infeksjonar og naudprevensjon.

Det er ingen timebestilling og tilbodet er gratis.

Legetime på HFU vert sett opp av helsesjukepleiar ved behov. Ordinær legetime  må tingas hjå fastlege.

Vel møtt!

Døme på tema du kan ta opp

  • Spørsmål om kroppen
  • Konfliktar i familien eller med vener
  • Problem på skulen
  • Tristheit
  • Kosthald
  • Røyk / alkohol
  • Seksualitet
  • Prevensjon
  • Menstruasjon
  • Pubertet
  • Vonde opplevingar eller anna.