Utmarksoppsynet  informerar

Område:
I førre veke sveiva utmarksoppsynet innom desse områda: Bordalen, Kråkemo, Prestegård, Songa, Sandvatn, Stokketjønn, Tveitebuene, Løypekjerrnuten, Bitdalen, Falkenuten, Kromviki til Flotebu, Vehuskjerringi og Stavsfjell.

Observasjonar:

  • Det er observera mykje sauesanking i fjellet.
  • Samlar som hentar sau frå Gjøsløysdalen melder om fine lam og roleg beitesesong. Mykje folk på tur i området i sommar, men ikkje registrert noko laushundar.
  • Ved samlehegna til Tysvær beitelag ved Prestegård var det mykje folk og sau, 14 stk. og fleire gjetarhundar. Desse var også svært fornøgde med beitesesongen. Store og fine lam, ikkje oppdaga noko problem til no i sesongen.
  • I området Songa, Sandvatn, Kråkemoflote og ned mot Bordalen blei det observera mykje gjerdemateriell på strekninga kor det gamle sperregjerdet hadde vore. Antar dette blir fjerna av beitelaga i løpet av hausten.  I same området blei det observera sau, respektive beitelag har fenge beskjed.
  • Møtt 4 jegerar med 3 fuglehundar i området Stokketjønn, Tveitebuine og Løypekjerrnuten kor alle hadde «sauereinsertifikat»  Såg i tillegg fleire rypejegerar med fuglehund.

Anna:

  • Mykje aktivitet i fjellet med sauesanking, rupejakt, reinsdyrjakt og  ein del turgåarar.
  • Det er fortsatt mykje sau i fjellet og hugs bandtvangen som gjeld til 10. oktober i Vinje kommune
  • Informasjon gjeve gjennom NRK Vestfold/Telemark om kommunens utvida bandtvang.

Ynskjer alle ei strålande veke og nyt det fine veret i Vinje kommune sin flotte natur.