Helsing frå utmarksoppsynet veke 39

Oppsyn i område Bykleheii, Kliningsstaulen, Dalakvåmnuten, Ulevå, Vesle Nup, Ålmannvegen, Bitdalsdammen

Lite folk ute – møtt 25 stk der fire hadde sin hund i band. Elles var det mykje elgjegarar ute. Det var rydda søppel i områder der det står bubilar og søppelkonteinarer.

Hovudsankinga av sau er over – ettersanking pågår. Oppsynet får ein del meldingar frå turgåarar og hytteigarar om sau som står att som dei formidlar vidare. Dei bed alle som er til fjells om å melde i frå til oppsynet om sau som blir observert  - Knut Olav Edland tlf 952 92 085 og Rune Aarhus 412 02 406.