Mykje turfolk er observert med bøtter og spann på myrane for tida. Oppsynet har møtt ca 160 folk på tur -  ni stk med hund der alle var i band. Generelt lite søppel å sjå – men på «bobilparkeringa» på Haukeliseter er det plukka opp en del av oppsynet. Det er meldt i frå til Stakraft om eit dårlig sikringsgjerde i Vådalen. Det er og meldt frå om eit par observasjonar knytt til sau til aktuelle bøndar. På nokre beite er sauane no spreidd over større område og du kan risikere å møte sau der du ikkje har sett sau tidligare i sommar.

Vore i område: Ådalen mot skisenteret, Mjøltenuten/ Dansarsteinen, Gjuvstøyl og Bitumark, Tehytta, Bitdalen, Tverrfjellet, Haukeliseter, Bordalen, Vådalen, Havradalen, Loftsdokktjønn (DNT-stien), Ålmannvegen