Landbruksplasten blir henta måndag 21. juni.  

På desse oppsamlingsstadane:
Arabygdi v/Statkraft – innkøyring til ”friluften”.

Rauland v/Ådalen (seiste gong i år)
Øyfjell v/Straumekrysset
Haukeli – på Haukabø
Åmot v/Hovdestadmoen (i opningstida kvar onsdag frå kl 14.00- 19.00 – på særskild avmerkt plass på innsida av gjerdet). Dei tek ikkje i mot storsekk (restavfall).

Merk! Plasten skal vere fri for fôrrestar, pressgarn, rundballenett, jord og stein! Me får ein del klager på dette.

  • Sorterast i to delar – sjå brosjyre her
  • Gjødselsekk og storsekk – innersekken kan fylgje med.
  • All annan plastfolie – men de må skilje ut farga plast.
  • Ikkje legg ut plast etter hentedato!
  • Pakk plasten godt saman – slik at ikkje noko flagrar av garde i vinden.
  • Transportøren sitt telefonnr: 90857546 - 95746346 – Gangstø Transport.

Desse oppsamlingsstadane har gått ut - ikkje legg plast her! :

Byrtevegeskiljet
Grungedal v/Støylane
Kostveitkrysset