Villrein-, hjort- og rådyrjakta har vore i gang ei stund allereie.

Elgjakta står for tur, med start fredag 22. september.

Grunneigarane i kommunen har jaktrett og forvaltningsplikt over viltressursane på sine eigedomar.  Det er lange tradisjonar i Vinje på å hauste av dei viltressursane me har, og viltet er ein ressurs av stor betydning.  
Det er ein ressurs som skal forvaltast på ein god og berekraftig måte, og hausten er ein viktig årstid i så måte.

Med om lag 70 elg- og hjortejaktlag i kommunen vil det til tider vera mange jegerar i utmarka.  Det er dermed ikkje til å unngå å møte dei av og til.  

Det meste av jakta skjer i helgene, i starten kanskje også heile fyrste veka.
Hovudtyngda av jakta går føre seg dei 3-4 første helgene, særs lite i november og desember.

Utmarka er for alle, men det er viktig å ta omsyn. 
Kanskje legge gå-turen til litt andre stadar enn vanleg?

I hovudsak skjer hjorteviltjakta på “alt areal” i kommunen. Rådyr-, elg- og hjortejakta under tregrensa og villrein over.

Vinje kommune sine råd til dei som brukar utmarka om hausten er:

  • Kle deg synleg/friske fargar.
  • Bruk grusvegane og dei merka stiane. 
  • Bruk dei sentrumsnære stiane/vegane, spesielt dei fyrste helgene.
  • Ta kontakt med jegerane du treffer på, spør om info kor dei jaktar og kor du bør gange.
  • Vis omsyn til kvarandre!

Jakttider:

  • Rådyr - 10. august til 23. desember
  • Villrein - 20. august til 20.september
  • Hjort 1. september til 23. desember
  • Elg - 22. september til 23. desember