Høyrselskoordinatoren sine oppgåver:

  • Bestille time til audiograf
  • Generell bruk og stell av høyreapparat
  • Søking av tekniske hjelpemiddel via NAV
  • Nytt høyreapparat for tidlegare brukerar
  • Sender inn høyreapparat til reparasjon
  • Moglegheit for akutt tolkehjelp via Nav

Sjukehuset Telemark, Høyresentralen og Vest Telemark kommunane starta i februar 2013 med ei permanent ordning med ambulerande audiograf ein dag i månaden. Tilbodet gjeld innbyggjarar i kommunen med nedsett funksjon av ulike årsakar. Audiografen held til på Helsesenteret i Åmot.


Audiografen sine oppgåver:

  • Generell bruk og stell av høyreapparat
  • Audiogram, avtrykk til propp samt tilpassing og oppfylging av høyreapparat
  • Nytt høyreapparat for tidlegare brukerar

Eigenandel etter Sjukehuset Telemark sine takstar for brukerar som ikkje har frikort eller bur på institusjon.
 

Dersom du ikkje har høyreapparat frå før:

  • Kontakt legekontor for bestilling av legetime for å sjekke høyrsel/ om du har øyrevoks, VIKTIG at du møter med reine øyrer så sparar både du og audiografen tid.
  • Fastlegen rekvirerar time hjå audiograf