Målet med dagen er å auke bruken av refleks og å få ned talet på fotgjengarulykker. 

Refleks reddar liv
Utan refleks er du fyrst synleg på 25 - 30 meters hald, medan du med refleks er synleg på 140 meters hald når bilen brukar nærljos. Omrekna til sekund har bilføraren 10 istadenfor 2 sekund til rådighet – og det kan vere skilnaden på liv og død.

Falsk tryggleik
Gateljos skaper falsk tryggleik, og mange trur at dei ikkje treng bruke refleks når dei går i opplyste område. Det er heilt feil. Sjølv om du ser bilen, ser ikkje bilisten deg. Difor er det ei billig livsforsikring å alltid bruke minst ein refleks når du er ute og går i mørket. På mørke haust- og vinterkvelder er det nesten umogleg for bilisten å sjå deg om du ikkje nyttar refleks.

Tips til god refleksbruk

  • Refleksen bør hange i knehøgde for å motta mest mogleg ljos frå billyktene.
  • Refleksar som bevegar seg når du brukar dei er best synlege.
  • Brukar du to refleksar blir du sett frå begge sider når du kryssar veg.
  • Riper og skraper svekkar refleksjonsevna, så hugs å skifte ut gamle refleksar.
  • Refleksvesten blir dårlegare ved vask, så ved jamn bruk bør han bytast ut årleg.