Timebestilling for influensavaksinasjon kontakt Vinje legekontor på telefon 35 06 23 00.
 

Vaksina er tilrådd for busette i Vinje:

  • Alle over 65 år
  • Gravide i 2. og 3. trimester
  • Premature barn mellom 6 mnd. og 5 år
  • Born og vaksne med:
    Kronisk lungesjukdom (inkl. astma)
    Kronisk hjartesjukdom (utanom velregulert høgt blodtrykk)
    Diabetes type 1 og 2
    Kronisk leversvikt
    Kronisk nyresvikt
    Kronisk nevrologisk sjukdom
    Nedsett immunforsvar
    Alvorleg fedme (KMI over 40)
    Andre alvorlege sjukdomar der influensa vil vere ein alvorleg helserisiko
  • Personar som bur saman med immunsupprimerte
  • Svinerøktarar

Tilsette i helse- og omsorgstenesta er også tilrådd å ta vaksina, dei fleste vil få tilbod på arbeidsplassen, men kan også koma på Vinjehuset desse dagane.