Det er tilbod om influensavaksinasjon i Vinje på fylgjande dagar:

 

  • Edland Legekontor:            Måndag 14.10. kl. 08.30 -14.00
  • Rauland legekontor:           Torsdag 17.10. kl. 08.30 -14.00
  • Åmot - Helsestasjonen:      Måndag 14.10. kl. 08.30 -14.00
                                               Torsdag 17.10. kl. 08.30 -14.00
    Vaksina kostar kr. 200,-

 

Lurar du på om du er i målgruppa?

Influensavaksine vert tilrådd spesielt for: 

  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester).
  •  Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om vaksinasjon
  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
  • Alle frå fylte 65 år
  • Born og vaksne med:
    • diabetes type 1 og 2
    • kronisk lungesjukdom, hjarte- og karsykdom, leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • nedsett immunforsvar
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • annen alvorleg og/eller kronisk sykdom der influensa utgjer ein alvorlig helserisiko, etter individuell vurdering av lege

I tillegg vert influensavaksine tilrådd for:

  • Helsepersonell som har pasientkontakt.
  • Husstandskontaktar til pasienter med nedsett immunforsvar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar.