I haust vil Vinje kommune vaksinere mot sesonginfluensa på desse stadane og tidene:
- Vinjehuset
- tysdag 15. oktober, frå klokka 12.00 til 18.00
- fredag 1. november, frå klokka 12.00 til 18.00
- tysdag 10. desember, frå klokka 12.00 til 18.00
I tillegg blir det vaksinering på Rauland og Edland legekontor, for innbyggjarar som har vanskeleg for å koma seg til Åmot:
- Edland legekontor 23. oktober, frå klokka 09.00 til 15.00
- Rauland legekontor 24. oktober, frå klokka 09.00 til 15.00
Målgruppe for influensavaksina:
- 65 år eller eldre
- Gravide etter svangerskapsveke 12
- Prematurt fødde barn, frå 6 mnd. til 5 års alder
- Barn eller vaksne som tilhøyrer ei risikogruppe (same som sist sesong)
- Helsepersonell med pasientkontakt
- Personar som brukar enkelte immundempande medisinar
- Har kontakt med levande gris eller influensasjuke tamfuglar
Du kan også ta coronavaksina samstundes.
Influensavaksina kostar 200 kroner, coronavaksina er gratis.
Vel møtt!