Hausten er i gang, og med den kjem og den årvisse vaksina mot sesonginfluensa. I år er det særleg viktig å vaksinere seg mot influensa, sidan dei færraste av oss har opparbeidd oss motstand mot influensaviruset dei siste to åra. Smitteverntiltaka mot pandemien gjorde ikkje berre at koronaviruset ikkje spreidde seg; dei hindra også influensaviruset. Slik blei nesten ingen smitta av influensa på lang tid, og no når samfunnet har opna seg att, så ventar me at mange virus som kan gje alvorleg sjukdom hjå personar med nedsett immunforsvar på nytt vil spreie seg.

I tillegg har me framleis koronaviruset blant oss, og det har blive klart at ein kan bli smitta fleire gonger. Dobbeltinfeksjon med korona og influensa samstundes gjev ekstra risiko for alvorleg sjukdom hjå personar i sårbare grupper, men vaksinasjon mot begge desse infeksjonssjukdommane gjer at risikoen minkar kraftig.

Nokon personar har større risiko for å bli alvorleg sjuke om dei får influensa. Det kan mellom anna føre til lungebetennelse, hjerneslag og forverring av kroniske sjukdommar. Nokon får varig dårlegare helse etter alvorleg influensasjukdom.

Helsestyresmaktene anslår at omtrent 900 menneske døyr kvart år av influensa. Vaksina kan hindre mange av desse dødsfalla.

Personar med auka risiko for å bli alvorleg sjuke om dei får influensa, høyrer med i Folkehelseinstituttet (FHI) si “Risikogruppe for influensa”.

I haust vil Vinje kommune vaksinere mot sesonginfluensa på desse tidene og stadene: 

  • Vinjehuset 1. og 2. november, frå klokka 09:00 til 17:00
  • Rauland legekontor 9. november, frå klokka 09:00 til 15:00 
  • Edland legekontor 10. november, frå klokka 09:00 til 15:00 

Me oppmodar personar i målgruppa om å møte opp. Målgruppene er: 

  • Alle over 65 år 
  • Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko 
  • Premature barn, særleg barn fødde før svangerskapsveke 32, som no er mellom 6 mnd. og 5 år 

Barn og vaksne med: 

  • Kronisk lungesjukdom, også astma 
  • Hjarte- og karsjukdom 
  • Diabetes (både type 1 og type 2) 
  • Leversvikt eller nyresvikt 
  • Kronisk nevrologisk sjukdom, særleg personar med nedsett lungekapasitet eller hostekraft 
  • Nedsett immunforsvar (både som fylgje av sjukdom og som fylgje av behandling av sjukdom) 
  • Svært alvorleg overvekt (KMI over 40) 
  • Annan alvorleg eller kronisk sjukdom der influensa vil føre til alvorleg helserisiko 

I år vil det vere mogeleg å få influensavaksine og coronavaksine samstundes, om ein er i målgruppa for begge.

Influensavaksinering kostar kr.200.  Coronavaksinering er gratis. 
Tidlegare år har svært få barn tatt influensavaksine. Me oppmodar difor særleg foreldre til barn med nokon av sjukdomane over, om å vaksinere barna.  
Helsepersonell med pasientkontakt vil i år som tidlegare, få tilbod om vaksine på arbeidsplassen, eller dei kan møte på vaksinasjonsdagane.