Informasjon til deg i karantene

Er du fastbuande i Vinje og sit i karantene her kan du få hjelp av frivilligsentralen til å handle mat eller gjera andre naudsynte ærend, om du ikkje har andre til å hjelpe deg. 
Kontakt frivilligsentralen: tlf 48 13 53 61 eller frivilligsentralen@vinje.kommune.no

Ellers hald deg oppdatet på informasjon om sosial distansering frå Folkehelseinstituttet her.

Legekontoret

Beredskap i samband med koronaviruset forårsakar meirarbeid i kommunen. Kommunelegen jobbar kun med dette nå.

Alle helsetenestene i Vinje kommune vil frå i dag 13. mars berre yte øyeblikkeleg hjelp/legevakt. Alle tidligare oppsette timeavtalar på legekontoret blir nå kansellert inntil vidare. Meir informasjon vil kome til veka.

Helserelaterte/medisinske spørsmål:
Er du innbyggar i Vinje kommune og trur du er smitta av koraona, har spørsmål rundt testing, har spørsmål om viruset elller er bekymra for korana kan du ta kontakt med vår koronakontakt på telefon eller e-post. (ikkje spørsmål om karantenereglar, forskrifter mv)
Alvorleg sjuke skal ringe legevakta.
Då det kan vera stor pågang på telefonen er e-post å anbefale.

Telefon: 35 06 25 16. Måndag - fredag kl. 08.00 - 11.30 og 12.30 - 15.30
E-post: corona@vinje.kommune.no

Drift av helsestasjon 
Vil berre omfatte nødvendige kontroller og vaksinasjonar. Ta kontakt med helsesjukepleier.

Lågterskel psykisk helsehjelp
Samtaletilbod til born unge og vaksne. Tenesta er tilgjengeleg måndag til fredag kl. 0800 - 15.30. Telefon: 901 52 047

Me set stor pris på forståinga til publikum og tolmod i denne situasjonen.

Sjukehuset Telemark
Les meir om endringar i driften her

Psykisk helse

Lågterskel psykisk helsehjelp

  • Samtaletilbod til born og unge
  • Samtaletilbod til vaksne

Vinje kommune har etablert eit tilbod retta mot alle born, unge og vaksne som kjenner på psykiske utfordringar knytta til eller forsterka ved situasjonen forårsaka av viruset.

Mange av oss kjenner på korleis Cvoid-19 endrar kvardagen vår. Viruset skapar uro, redsel, frykt og ikkje minst praktiske utfordringar i kvardagen. Utover det vil nokon oppleve situasjonen som belastende i tillegg til allereie eksisterande utfordringar i kvardagen.

Tenesta er tilgjengeleg måndag til fredag kl. 08.00 - 15.30. Telefon 901 52 047.

Dette er eit svært ope tilbod der du som ringer vel kva du vil dele og avgjer om du vil bli verande anonym.

Ved akutt hjelp utanom opningstid kan du ringe legevakt 116 117 eller mental hjelpetelefon 116 123, den er døgnope.

NAV

LOKASJONANE I SELJORD, KVITESEID, NISSEDAL, FYRESDAL VINJE  OG TOKKE ER STENGT FOR DROP-INN FRÅ 16.03.2020 OG INNTIL VIDARE.

VED AKUTT HJELP FOR KOMMUNALE TENESTER I NAV

RING TELEFONNR. 40616218

FRÅ 300320 kan du søkje om økonomisk sosialhjelp digitalt via www.nav.no Logg deg inn på din side på www.nav.no

 

STATLEGE TENESTER :DERSOM DU HAR EIN FAST KONTAKTPERSON KAN DU SKRIVE  TIL  HAN/HENNE I DIN DIGITALE AKTIVITETSPLAN evt RINGE/SENDE SMS

Du finn informasjon på www.nav.no og telefon 55553333

ARBEIDSGJEVARAR BRUKAR WWW.NAV.NO/BEDRIFT ELLER RINGER 55553336

Direkte nr til markedskontaktar

Seljord , Kviteseid,Nissedal : 41223954 Tore Dag Lid

Fyresdal ,Tokke ,Vinje: 40476863 Margit K. Bergland

IA –Rådgjevar : 99449230  Olav Aalandslid

DIREKTE NR TIL :

TELEFONLISTE VINJE – STATLEGE YTINGAR

ASLAUG RINGHUS                                         TLF 40103791

ANNE RAGNHILD ØVREBØ                          TLF 40104134

SUSANNE LIEN                                                 TLF 40616823

VIVIANA BURGOS                                           TLF 40914647

CECILIE NESHEIM                                            TLF 46924948

 

Gerd Kari Skaalen, NAV leiar  95832211

Solbjørg Frantzen, Ass. NAV leiar 90946708

Postadresse: NAV VEST-TELEMARK, HOTELLVEGEN 42, 3880 DALEN

 

Tannhelsa

Vinje tannklinikk er stengt for vanleg behandling 

Vinje tannklinikk og Seljor tannklinikk har gått saman om felles vakttelefon for akutt hjelp
Vinje måndag til onsdag og Seljord torsdag og fredag. Telefon 35 05 01 59.

Informasjon frå sektor for tannhelse og forebygging i Vestfold og Telemark lesher

Helsestasjonen og skulehelsetenesta

Born, unge og foreldre kan ta kontakt med helsesjukepleiar ved behov, om ein ynskjer nokon å snakke med, eller om det er noko ein vil ha hjelp til.

Kontaktinformasjon finn du her

Skular og barnehagar

Som resten av landet stenger Vinje kommune alle skular og barnehagar frå og med fredag 13.03. til og med 27.03. Dette er eit viktig tiltak for å avgrense smittefaren og stanse spreiing av Korona-viruset. For foreldre tilsett i helsetenester blir det oppretta tilbod om barnehage eller skule.

Kulturskuleundervisning er avlyst inntil vidare.

Felles retningsliner for heimeskule i Vinjeskulen

Felles skriv til heimane i Vinjebarnehagen

Integrering

Integreringstenesta stengjer kontoret sitt på Åmot skule frå og med fredag 13.03 til og med 27.03. Flyktningkonsulent Haytham Monifi Abu Areef og integreringskoordinator Marte Myrset Laberg har heimekontor og er tilgjengelege på e-post og telefon måndag-fredag klokka 08:00-16:00. E-post: marte.myrset.laberg@vinje.kommune.no. Telefon 476 48 562 og haytham.areef@vinje.kommune.no. Telefon 450 13 024.

Kommunehuset og tildelingskontoret

Kommunehuset blir stengt for besøkande frå og med 16. mars. I fyrste omgang gjeld dette for dei komande to vekene. Publikum kjem inn etter avtale og finn elles telefonnummer og informasjon på heimesida under Kontakt oss. Sentralbordet er ope frå kl. 8.00-15.30 kvar dag i same periode.

Tildelingskontoret er stengt for besøkande frå og med 13. mars. 

Tildeling av barnetilsyn

Som resten av landet stenger Vinje kommune det ordinære tilbodet i alle skular og barnehagar frå og med fredag 13. mars og til og med fredag 27. mars. Det er eit viktig tiltak for å avgrense smittefaren og stanse spreiing av Korona-viruset. Når det gjeld funksjonar som er kritiske for samfunnet vil me  gje tilbod om barnepass for aldersgruppa 1år og til og med 4. klasse.

Formålet er å sikre forsvarlig barnetilsyn for familiar med arbeid i kritiske samfunnsfunksjonar. Barnetilsyn skal skje i den barnehagen/småskule/SFO der barnet høyrer «heime» og i ordinær opningstid.

Kriterium for tildeling:

  • Føresette som arbeider med kritiske samfunnsfunksjonar, sjå definisjon under
  • Gjeld dei dagane føresette  i desse funksjonane er på arbeid

Funksjonar som er kritiske for samfunnet :

  • Styring og kriseleiing
  • Forsvar
  • Lov og orden
  • Helse og omsorg
  • Redningstenesta
  • IKT-sikkerheit i sivil sektor
  • Natur og miljø
  • Forsyningssikkerheit
  • Vatn og avløp
  • Finansielle tenester
  • Kraftforsyning
  • Elektroniske kommunikasjonstenester
  • Transport
  • Satellittbaserte tenester
  • Apotek
  • Daglegvare
  • Reinhald
  • Kommunalt nøkkelpersonell

Situasjonen endrar seg raskt. Det som er rett i dag, kan bli endra på i morgon.
Alt skjer fort og me klarar ikkje å halde alle oppdatert på alt til ein kvar tid. Me oppmodar alle til å følgje med og oppdatera seg på utviklinga via:

Institusjonar

Norheimstunet omsorgssenter, Rauland omsorgssenter, Vinje sjukeheim, Bruli, Svingen og Reine er stengt for pårørande og alle som ikkje bur eller jobbar der. Pårørande som vil ha kontakt med sine, må ta kontakt på telefon med avdelinga i forkant.

Samfunnshus og bibliotek

Alle samfunnshus og grendehus inkludert basseng, treningsrom og idrettshall blir stengt på ubestemt tid.

 

Vinje folkebibliotek held stengt

Status for biblioteket

Som eit tiltak for å hindre smitte av koronaviruset blir biblioteket stengt f.o.m. 13.03.2020. Det vil ikkje lenger vere mogleg å opphalde seg i biblioteket eller få tilgang til den fysiske samlinga. Innkastet kan framleis brukast til å levere bøker, men inntil vidare vil det ikkje bli sendt ut purringar eller krav om levering på eksisterande lån som er ute. Via katalogen vår på nett kan du logge deg inn med lånekortnummer og PIN-kode for å fornye lån.

Kontaktinformasjon

Tlf. 35 07 26 60

E-post: biblioteket.aamot@vinje.kommune.no

Her finn du katalogen til Vinje folkebibliotek

Tilbod under utvikling

I katalogen vår på nett kan du søke og finne ut kva for bøker, filmar og lydbøker me har i samlinga. Me jobbar med å få på plass ein ordning der du som lånar kan bestille bøker via nett eller telefon, og gjere avtale om henting/distribusjon. Meir info om dette kjem.

Alternative tilbod

Du kan framleis få tilgang til e-bøker og e-lydbøker gjennom gratisappen BookBites Bibliotek. Om du treng hjelp med registreringa (manglar lånekortnummer eller PIN-kode) kan du ta kontakt med biblioteket på telefon eller e-post.

Du kan lese aviser og tidsskrifter gjennom gratisappen PressReader. Alt du må gjere er å opne applikasjonen i nærleiken av biblioteket sitt trådløse nettverk/HotSpot i Åmot. Det burde fungere fint frå parkeringsplassen utanfor. Har du først fått kobla deg på nettverket éin gong, har du tilgang fleire timar etterpå, sjølv om du nyttar eit anna nettverk.

Det er også mogleg å nytte seg av Nasjonalbiblioteket sine sider. På Bokhylla.no kan du få tilgang til skanna og digitalisert materiale.

Turistnæringa

Vinje kommune ved kommuneoverlegen har valt å gjera nokre drastiske tiltak for å hindra vidare spreiing av Covid-19 (korona) viruset. Dette er tiltak vi ser er nødvendig for å hindra tilstrømming av folk inn til kommunen som kan vera smitta av Covid – 19 viruset.

Vinje kommune ved kommuneoverlegen pålegg turistnæringa å stenge spisestader, hotell, overnattingsstader og skianlegg frå og med i morgon 13.03.2020 og over påske.

Dette er ingen lett avgjersle då me ser at dette kan ha store konsekvensar for næringa og dessutan det er både vondt og vanskeleg å hindra folk til å komma til kommunen vår.

Grunngivinga for avgjersla er i tråd med nasjonale føringar og smittevernlova.

Vinje er ein liten kommune med 3676 innbyggarar, men har over 5700 hytter og det kan vera så mange som 20.000 – 25.000 personar som oppheld seg i kommunen store delar av året. Tiltaket er òg sett i gang for å hindra vidare smittespreiing lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Når me no er den situasjonen me er, er det ein riktig men tøff avgjersle.

Me oppmodar alle veldig sterkt til å halda seg heime og unngå kontakt som er unødvendig.

Me ynskjer ikkje at folk no bruker fritidsbustadene sine i denne perioden men held seg heime der dei bur. Dette fordi me ikkje ynskjer tilreisande med mogleg smitta til kommunen. Dette er det sendt ut melding om til alle hytteeigarar tidlegare i dag (12.03.2020).

Me oppmodar alle til å halda seg roleg i denne vanskelege situasjonen. Det er ingen grunn til å handla inn store mengder mat då det vil føra til stor belastning på dagligvarebutikkane.

Me beklagar dei ulempene dette måtte medføre, men meiner dette er eit nødvendig og riktig tiltak slik situasjonen er i dag.

Skuterløyve

I samband med koronarutbrotet er det for tida ikkje høve til å kjøpe dagsløyve i vinjenett.no

Bruk av årsløyve for snøskuter til fritidskøyring i løypenettet, er lov for dagsturar av innbyggarar i Vinje kommune og dei kommunane som er unnateke i forskrifta om innreiseforbod: Seljord, Kviteseid, Vinje, Tokke, Fyresdal, Nissedal, Midt-Telemark (gamle Sauherad og Bø kommunar), Hjartdal, Notodden, Tinn og Bykle)

Det er ikkje lov å nytte hytteløyve. Unntak er innbyggarar i Vinje kommune. Dei kommunane som er unnateke i forskrifta om innreiseforbod: Seljord, Kviteseid, Tokke, Fyresdal, Nissedal, Midt-Telemark (gamle Sauherad og Bø kommunar), Hjartdal, Notodden, Tinn og Bykle, kan nytte løyvet for dagstur.

Reiserestriksjonar

Det er innført reiserestriksjonar for alt nøkkelpersonell i kommunen. Nøkkelpersonell inkluderer alt helsepersonell.

Nøkkelpersonell som har vore på reise er sett i heimekarantene i 14 dagar.

Friskliv og fysioterapi

Frisklivssentralen avlyser all gruppeaktivitet inntil vidare, dette gjeld både seniorgrupper, treningsgrupper på sjukeheimen, kolsgrupper og dei andre treningsgruppene.

Fysioterapien er stengt frå og med 16. mars

Vest-Telemark PPT

Som følgje av kornautbrudd og tiltak for å hindre smitte  er PP kontoret stengt  i perioden 16.- 27. mars.
For same periode blir alle møte med skular og barnehagar avlyst.
Sakshandsamarane arbeider frå heimekontor.
I einskilde saker vil det vere mogleg med telefon/digital kontakt.

Ved ev. spørsmål ring dagleg leiar på tlf 35068300 / 40920833

Kyrkja

Kyrkjekontoret er stengt for å hindre spreiing av koronaviruset. Kontoret vil vere stengt på ubestemt tid.

Dei tilsette vil ha heimekontor.

Sokneprest Tor Eivind Erikstein kan treffast på tlf: 952 37 673.
Kyrkjeverje Kjell Magne Grave kan treffast på tlf: 35 06 25 87/ 481 20 117
Kontaktopplysningar ellers kan ein finne på heimesida vår www.vinje.kyrkja.no

Alle gudstenester er avlyst.

Informasjon frå Vest-Telemark brannvesen

Melding frå VTBV

"For å redusere og begrense smittefaren og risikoen for spreiing av korona-viruset utset VTBV alle tilsyn på fyringsanlegg.
For fritidsbustadar vil det heller ikkje bli varsla eller utført feiing.

Vi utført feiing av bustadhus, varsel blir sendt på SMS.
Det vil berre bli utført utvendig feiing av røykløpet, dvs. frå tak (ikkje loftsfeiing). Feiarane skal ikkje gå inn i hus,og kan såleis ikkje fjerne sot eller feie ovnsrør. Etter feiing må eigar sjølv syte for å fjerne sotet frå sotluka.

Dersom eigar/bebuarar som er i karantene, eller mistenkjer at dei har korona-smitte, får varsel om feiing, må feiaren varslas og besøket avlyses.

Vi vurdere situasjonen fortløpande og gjer tilpasningar som er i tråd med råd frå styresmaktene og eigne risikovurderingar."

Sjå heimeisda til VTBV for oppdatera informasjon.