Med bakgrunn i dei nye nasjonale tiltaka vil kommunehuset vera stengt for besøkande fram til og med 13. april. Dei nasjonale tiltaka kan du lese her

Sentralbordet er ope kl. 09.00 - 14.00. Treng du å koma i kontakt med ein tilsett mellom kl. 08.00 - 09.00 og kl. 14.00 - 15.30 finn du kontaktinformasjon under Kontakt oss. 

Symjehallane er stengt frå og med torsdag 25. mars.

Samfunnshusa 
Vil vera stengde for idrettsaktivitetar, møter og arrangement fram til og med tysdag 13 april.

Kulturskulen
vil bli stengd for fysisk undervisning fram til og med tysdag 13. april. Dei som har individuelle timar vil få tilbod om digital undervisning, nokre grupper vil og ha digital undervisning. Lærarane vil ta kontakt med føresette for å avtale dette. 

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Vinje finn du her