Symjebassenget på Vinjehuset opnar att måndag 9. desember!

Bassenget har vore stengt grunna dårleg vasskvalitet i både det vesle og det store bassenget. No er vassprøvene normale att, og fram til måndag skal vatnet få tid til å stabilisere seg. 

For at bassenga i kommunen skal ha god nok vasskvalitet, er det avgjerande at alle fylgjer råda for god hygiene: 

  • Dusj naken, og vask kropp og hår med såpe/sjampo før du gjeng i bassenget
  • Bruk reint badetøy som er berekna til å bade i 
  • Bruk hårstrikk eller badehette om du har langt hår
  • Bleiebarn må bruke badebleie

Me ynskjer alle eit triveleg besøk i bassenget 😊