Kven bør teste seg

  • Har du luftvegssymptom

Har du nyleg eller i løpet av dei 3 siste månadane hatt Covid-19, treng du ikkje teste deg

Her kan du hente sjølvtest

  • Tenestetorget (kommunehuset i Åmot)
    Måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00
  • Biblioteket i Åmot
    Tysdag og torsdag kl. 15.00 - 19.00
    Laurdag kl. 12.00 - 14.00
  • Edland skule
    Måndag - fredag kl. 08.00 - 15.30
    NB! Må ringe på førehand på tlf. 35062260 eller 90894426
  • Biblioteket på Edland
    Torsdag kl. 16.00- 19.00
  • Biblioteket på Rauland
    Onsdag kl. 16.00 - 19.00

Myndigheitane stiller krav til kven som får hente sjølvtestar. Det blir ikkje delt ut testar til dei som ikkje er innanfor krav til testing. 
Ynskjer du å ha ein test i bakhand heime, kan du kjøpe denne på apoteket.

Krav til testing er:

  • Ved luftvegssymptom 

Kvar skule delar ut testar til sine elevar som skal ha. Foreldre til den smitta eleven kan og hente testar på skulen.

Til deg som får positiv test og skal registrere svar

  • Meld positiv test inn til Vinje kommune her 
  • Me ber om at du loggar deg inn med BankID og registrerar din positive sjølvtest og gje beskjed til dine nærkontaktar.
  • Ein nærkontakt er ein person du har hatt kontakt med mindre enn 48 timar før du fekk dei fyrste symptoma eller testa positivt.
  • I tillegg må kontakten ha vore under to meters avstand i meir enn 15 minuttar eller direkte fysisk kontakt.
  • Du skal ikkje ta fleire sjølvtestar. Testen vil vera positiv i fleire dagar framover.
  • Det er tilrådd å halde seg heime i 4 døgn frå symtomstart og uansett fram til du har vore feberfri i eit døgn.

For meir informasjon sjå her

PCR-test - endring i rutiner for kven som må ta denne testen

Personar som har tatt tre vaksinedoser (oppfriskingsdose/"boosterdose"), eller som har to vaksinedoser og gjennomgått covid-19 i løpet av dei seiste tre månadane, treng ikkje ta PCR test etter positiv sjølvtest.

PCR-test tilrås følgande personar

  • Personar med primær eller sekundær immunsvikt, herunder organtransplanterte og immunsupprimerte
  • Barn og ungdom frå 0-16 år
  • Uvaksinerte og delvaksinerte personar utan oppfriskningsdose som har behov for koronasertifikat

For PCR-test ring: 
35 06 25 00 mellom kl. 08.30 - 15.30

Fylgjande personar skal ikkje ta ny test på legekontoret

  • Personar som har fått tredje vaksinedose (oppfriskningsdose/"boosterdose")
  • Personar som har mottatt to doser koronavaksine og deretter gjennomgått Covid-19 i løpet av dei 3 siste månadane.