Prosjektet er i regi av Utdanningsdirektoratet, og har mellom anna som mål at alle tilsette i Vinjebarnehagen og Vinjeskulen skal auke sin kompetanse i:

  • Å fremje trygge og gode barnehage- og skulemiljø 
  • Å førebygge mobbing og andre krenkingar                                 
  • Å handtere mobbing og andre krenkingar

Dette handlar om å jobbe for at alle barn skal kjenne at dei høyrer til, og har ein viktig og verdifull plass i sitt oppvekstmiljø.

«Å oppdra eit barn krev ein heil landsby» -seier eit afrikansk ordtak. Det å fremje eit trygt og godt oppvekstmiljø krev eit tett samarbeid mellom t.d. barnehage, skule, SFO, helsetenesta, leiarar av ulike fritidstilbod og ikkje minst foreldre. Me må alle arbeide saman for å sikre at barna i Vinje har gode vener og kjenner seg inkludert!

For Vinje kommune er det viktig at både barna og foreldra er involvert i dette prosjektet. Me ynskjer difor innspel på kva de som foreldre tenkjer om tematikken. Prosjektet kjem mellom anna til å bli tatt opp ved skulane sine FAU-møte, og på foreldremøte i barnehagane. 

IBSM har eigen facebooksida. På denne sida vil me halde dykk oppdatert på arbeidet med prosjektet og legge ut tips til artiklar og fagstoff som tar opp temaet inkludering.

Link til facebooksida finn du her