Det er framleis ein del smitte i landet.
Omsorgstenestene i Vinje ber difor om:
Omsorgstenestene i Vinje ber difor om:
- Alle som besøker våre institusjonar og omsorgsbustader må bruke munnbind. Unntak er born under 12 år eller dei med medisinsk grunn.
- Besøk må avtalast med personalet på førehand (sjå telefonnummer under).
- Alle må halde 2 meter avstand til bebuarane.
- Pårørande og vener som har vore på reise i regionar og land utanfor Noreg, må ventar med å koma på besøk til 10 dagar etter heimkomst.
- Pårørande og vener som har besøkt stader i landet med mykje smitte eller lokale smitteutbrot, må ventar i 10 dagar med å koma på besøk.
- Pårørande og vener som har hatt nærkontakt med personar frå område med mykje smitte må vente i 10 dagar med å koma på besøk.
- At de svarar på spørsmål om mogeleg smitte og symptom, og respekterar våre vurderingar og avgjerder.
- At de etter avtale møter personalet ved inngangen og følger deira smittevernrutiner før, under og etter besøket.
Me oppmodar om at bebuarar og pasientar møter familie og vener i utearealet. Det er også høve til å kome på besøk på bebuaren sitt eige rom.
Pasientar som har hatt besøk av pårørande som ikkje held besøksreglane, må settes i karantene i 5 dagar på eige rom, samt testes for Covid-19.
Kor mange som kan besøke samstundes må avtalast på førehand.
Me fører besøksprotokoll i tilfelle det vert naudsynt med smittesporing i etterkant.
Velkomen!
Vinje sjukeheim
Vesleheimen: 409 03 673
Furuly: 409 03 672
Midtstoga: 409 03 669
Korttid: 409 03 667
Rauland omsorgssenter
958 67 547
Norheimstunet
974 89 856