Busetting

Integreringstenesta er ansvarleg for å busette det talet på flyktningar kommunestyret vedtek at Vinje kommune skal ta imot.

Kommunestyret har vedteke at Vinje kommune skal ha ein desentralisert busettingspolitikk. Det vil seie at flyktningane som kjem til Vinje skal fordelast på bustader i Edland, Rauland og Åmot.

I 2019 tek Vinje imot 15 nye flyktningar.

Introduksjonsprogrammet

I Vinje kommune er det Integreringstenesta som har ansvaret for introduksjonsprogrammet. Målet med programmet er at nyankomne flyktningar skal lære norsk og kome raskt ut i arbeid eller utdanning.

Introduksjonsprogrammet starter opp innan tre månader etter busetting. Programmet inneheld i hovudsak av opplæring i norsk, samfunnskunnskap og språkpraksis. Opplæring i norsk står vaksenopplæringa i Vinje kommune for. Dei held til på Åmot skule og har tre klasser, såkalla VO1, VO2 og VOU. Deltakarane på introduksjonsprogrammet blir delt i klasser utifrå deira norsknivået.

Introduksjonsprogrammet fungerer som ein fulltidsjobb av 37,5 timar i veka med 5 veker ferie i løpet av året og er løna med introstønad. Stønaden blir fastsett på grunnlag av grunnbeløp i folketrygd(G) x 2 på årsbasis og blir indeksregulert 1. mai kvart år. Stønaden er skattepliktig og deltakarar må søkje om skattekort. Stønaden blir utbetalt gjennom kommunens lønningskontor. Deltakarame i programmet har rett til eiga inntektsgivande arbeid på si fritid og i feriar.

Introduksjonsprogrammet kan vare inntil to år, med tillegg av godkjent permisjon. Perioden kan forlengast til tre år.

Alle deltakarar i programmet skal bli kjent med lokalt arbeidsliv, bygge nettverk, skaffe attestar og referansar og auke sjansen for betalt arbeid på heil- eller deltid. Av den grunn skal alle deltakarane ut i språkpraksis så fort som mogeleg etter oppstart og helst innan 6 månader.

For meir informasjon om introduksjonsprogrammet sjå Integrerings- og mangfaldsdirektoratets nettsider eller Introduksjonslova.

Bustader

Bustadsosial gruppe er ansvarleg for å finne bustader til dei flyktningane som Vinje kommune tek imot etter avtale med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi). I denne gruppa sit bustadkonsulent, assisterande rådmann, avdelingsingeniør bygg, teknisk, drift og vedlikehald (TDV), avdelingsleiar psykisk helse og rus  og integreringskoordinator.

TDV er ansvarleg for å klargjere bustadene, medan Integreringstenesta skal kjøpe utstyr og møblar, leggje til rette og rettleie dei nyinnflytta flykningane.

Fritid og aktivitetar for flykningane

Vaksenopplæringa underviser eit «vanleg» skuleår. Det vil seie at lærarane har fri i vinterferien, alle inneklemte dagar, tre veker sommarferie i tillegg til juli og haustferie. Desse dagane har Integreringstenesta ansvar for å lage eit opplegg for dei deltakarane som er elevar på vaksenopplæringa.

Integreringstenesta samarbeidar med blant anna frivilligsentralen, kultur, NAV, nabokommunar og andre for skape eit variert tilbod til deltakarane.
Det kan blant anna vere tilbod som aktivitetsdagar med ski, matlaging og sosiale aktivititetar rundt eit bål. Dei same instansane har og treffpunkt der deltakarane lærer om omgrepet fritid og kva for fritidstilbod ein kan finne i Vinje. I tillegg har flyktningane fått prøve yoga, fotball og volleyball.