For all akutt kontakt, som spørsmål om vurdering av fødsel/rier, vatnavgang, blødning, smerter osb., kan ein ringe jordmor på vakt i Seljord 24t i døgnet. Dei som treng fylgje av jordmor til sjukehuset får dette. Jordmor på basen ordnar alt det praktiske med ambulanse og kontakt med fødeavdelinga. 

For kontakt med jordmor i kommunen om svangerskapskontrollar, ringer ein jordmor i eigen kommune på dagtid innafor kontortid/ordinær arbeidstid.

Det er vidare høve til å ringe vaktjordmor i Seljord ved akutte ammeproblem, spørsmål om barnet og liknande etter fødsel/heimkomst frå sjukehuset. Både gravide, barselkvinner, legar, jordmødre og andre kan ringe vakthavande jordmor direkte.