Fylkesmannen avgjorde fredag kveld at forskrifta til Vinje kommune om karantenepåbod og forbod mot innreise for opphald på fritidseigedom vart kjent ugyldig. Brevet frå Fylkesmannen kan du lesa her. 

Det kjem pr. nå ikkje til å bli laga nye lokale forskrifter i høve innreise eller karantene, og folk er velkomne til å opphalde seg på fritidseigedomane sine.

Dei generelle reglane om smittevern, halde god avstand til andre, vaske hendar jamnleg og hoste i armkroken gjeld framleis, i tillegg bør ein ikkje vera meir enn fem personar samla. Minner også om at sentrale styresmakter rådar folk til å unngå unødige fritidsreiser. 

Helsenorge sine nettsider er det mykje god informasjon om tiltak, førebygging, risikogrupper, gravide, Smittestopp appen, informasjon på fleire språk m.m