Plan- og miljøutvalet vedtok 24.04.19, sak 19/56, å leggje framlegg til detaljregulering for Klypehjellen massetak ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova §12 – 10.

Planframlegget legg til rette for steinbrot og masseuttak på Klypehjellen, mellom Raushyl og Flothyl vest for Haukeli.

Planen er i hovudsak i tråd med gjeldande kommunedelplan Vågsli 2017-2028. Areal til masselagring og riggområde er utanfor område for råstoffutvinning i kommunedelplanen.

Planframlegget kan du òg sjå på Tenestetorget i Åmot, eller du kan kontakte Vinje kommune på telefon 350 62 300.

I perioden for offentleg ettersyn kan alle koma med skriftlege merknader til Vinje kommune, innan 15.10.2019.

 

Sjå planframlegget her