Næringsavdelinga, i samarbeid med dei tre destinasjonsselskapa Visit Haukeli, Visit Vinje og Visit Rauland, har utarbeidd ny reiselivsstrategi for Vinje. Planen sendast no ut på høyring.
Reiselivet har vore, er og skal vera ei hovudnæring i Vinje. Reiselivsstrategien skal støtte destinasjonane og kommunen i arbeidet med destinasjonsutvikling framover. Strategien syner kva for emne me ynskjer å jobbe med, og tilhøyrande mål og tiltak. Planen er ein felles plan, men dei ulike destinasjonane og kommunen vil sjølv prioritere mål og tiltak som vil danne grunnlag for eigne verksemdsplanar.
Sjå høyringsutkastet for reiselivsstrategi her
Har du innspel til planen?
Alle kan koma med innspel, både næringsdrivande, privatpersonar, politikarar, kommunetilsette og organisasjonar. Alle innspel er velkomne, men me understrekar at denne reiselivsstrategien i hovudsak skal innehalde overordna mål og tiltak. Innspel til konkrete tiltak som naturleg høyrer til i meir detaljerte verksemdplanar, til dømes på dei ulike destinasjonane og i kommunen, vil ikkje bli tatt opp i den overordna reiselivsstrategien. Desse vil bli tatt med i det vidare arbeidet med verksemdplanar der det er naturleg.
Send inn dine innspel på e-post til postmottak@vinje.kommune.no. Merk innspel med "Høyringsuttale reiselivsstrategi saksnr. 2024/2722". Du kan også sende innspela i posten, til Vinje kommune, Vinjevegen 192, 3890 Vinje. Me minner om at høyringsuttaler (innspel) er offentleg informasjon som vil bli publisert i kommunen si postliste.
Høyringsfristen er 29. september 2024.