Ledige tomter

Under finn du kart over dei kommunle bustadfelta - ledige tomter er merkte gult.
Karta skal vera oppdaterte, men det kan skje endringar som ikkje er registrert, så ta kontakt med Tenestetorget for nærare opplysningar.

Slik finn du føresegner:

  • Trykk i kartet
  • Kartlagsinfo kjem opp på høgre side
  • Klikk på sjekk fleire kartlag
  • Klikk på reguleringsplan og velg arealsformålsområde
  • Klikk så på WebPlan-WebHotel3
  • Her vil føresegner, plankart og eventuelle andre dokument ligge

Kommunestyret har vedteke at det skal vera høve til å kjøpe meir enn ei kommunal bustadtomt i det gamle Juvbakkfeltet og Slobrekkfeltet. 
I Slobrekkfeltet er det mogeleg å kjøpe inntil 3 tomter i gjeldande plan.
I det gamle Juvbakkfeltet er det mogleg å kjøpe inntil 2 tomter. 
Felles for båe felta er at det skal betalast full tomtepris for kvar tomt slik den er fastsett. 

I nye byggefelt som er etablert etter 2008 vert det ikkje opna for sal av meir enn ei tomt pr. kjøpar. Det gjeld mellom anna det nye bustadfeltet i Juvbakk (tomt 19 - 32). Kommunestyrevedtak i sak 10/44

Avgifter i samband med kjøp av bustadtomt

I tillegg til tomtepris kjem gebyr for oppmåling, dokumentavgift på skøyte og tinglysingskostnadar. I samband med bygging kjem det gebyr på tilkopling av VA.

Vilkår for tildeling av kommunal bustadtomt

1. Bakgrunn og føremål
Kommunen si tildeling av tomt skjer normalt til subsidierte prisar.
Det er eit bustadpolitisk verkemiddel for å styrke fast busetnad i kommunen.

2. Søknad om tomt

  1. Fysiske personar må vere over 18 år.
  2. Juridiske personar må vere registrert i Brønnøysundregistera.
  3. Søknad om tomt skjer på eige skjema der søkaren fører opp ynskt tomt. Det kan førast opp inntil tre tomter i prioritert rekkefylgje.

3. Tildeling av tomt i nytt tomteområde
Ved fyrste gongs tildeling i eit nytt område blir dette normalt kunngjort i lokalavisa samt på kommunen si heimeside.
Dei som ynskjer tomt sender søknad på eige skjema.

Tildeling av tomter blir gjort etter fylgjande prosedyre:

  1. Kven som får tildela kva for tomt blir avgjort ved trekning mellom dei registrerte tomtesøkerane i det aktuelle tomtefeltet.
  2. Berre ein i kvar hushald kan søke om tildeling av tomt innanfor same felt. Med hushald meiner ein personar registrert med same bustadadresse.
  3. Når ein privatperson har søkt om kommunal bustadtomt ser ein på dette som at hushaldet har søkt.
  4. Søkarane får deretter tildela den fyrste ledige tomta i høve til sine prioriteringar. Dersom alle prioriterte tomter til søkar er opptekne, kan søkar velje fritt blant dei som er ledige.
  5. Trekninga blir gjennomført av ordføraren. Det blir ført protokoll frå trekninga. Tomtesøkarane har høve til å vera tilstades ved trekninga.
    Leiaren i kontrollutvalet ser til at trekninga går rett for seg.
  6. Tomtesøkarane får melding om resultatet av trekninga.
  7. Den enkelte som får tildela tomt må svare skriftleg på om dei aksepterer tilbodet innan to (2) veker etter motteken melding om tildeling.
  8. Dersom det er fleire søkarar enn tomter, blir overtalige søkarar ståande på venteliste i den rekkefylja som er gjeve ved trekninga.
  9. Ved tilbakelevering av tomter blir desse fortløpande tilbode søkarar i samsvar med ventelista.
  10. Etter avvikling av ventelista gjeld reglane for tildeling som opplyst nedanfor under punkt 4.

Etter fyrstegongs tildeling følgjer ein punkt 4 i vilkåra.

4. Tildeling av tomt i eksisterande felt
Tildeling av ledig tomt i eksisterande felt skjer fortløpande etter kvart som søknadar kjem inn. Tenestetorget handsamar søknadane.

Den enkelte som får tildelt tomt må svare skriftleg på om dei aksepterer tilbodet innan to (2) veker etter motteken melding om tildeling.

5. Vilkår for tildeling av tomt

Kjøpar får tilsendt faktura pålydande kr 10 000,- når tildelinga er akseptert.
Dersom betalinga ikkje skjer til forfall, fell tildelinga bort. Beløpet er bindande og vil ikkje bli tilbakebetalt.

  1. Faktura for restkjøpesum og kostnadar blir sendt ut etter at tillating av iverkssetting etter plan- og bygningslova er gjeven. Dersom betalinga ikkje skjer tilforfall, fell tildelinga bort.
  2. Kommunen kan gje samtykke til at det tinglysast pant i tomta for kjøpesummen, så framt at panthavar betalar ut kjøpesummen direkte til kommunen. Det er ein føresetnad at kommunen sin pant for subsidiebeløpet har fyrste prioritet.
  3. Det må søkast om byggeløyve (løyve til iverksettting) etter plan- og bygningslova innan eitt år etter at søkar har akseptert tildelinga. Dersom det ikkje blir søkt om byggeløyve i tide, fell tildelinga bort.
  4. Det er ikkje tillat å selje ubebygd tomta vidare. Eigedomen vert sett på som ei tomt så lenge det ikkje er utført noko grunnarbeid. Grunnarbeid blir fyrst sett på som utført når grunnmuren er ført opp. Kommunen kan tinglyse salsforbodet som hefte på tomta, men er på førespurnad plikta til å slette hefte dersom grunnarbeid er dokumentert utført.
  5. Byggetiltak må vere sett i gang seinast to år etter at søkar har fått byggeløyve. Grunnarbeid (jf. punkt e) må vere utført før ein kan seie at byggetiltak er sett i gang.
  6. Ferdigattest må vere søkt om seinast tre år etter at løyve til iverksetting er gjeve.
  7. Bustaden skal nyttast som heilårsbustad. Eigar/leigetakar må vere folkeregistrert i kommunen når bustaden har fått ferdigattest.
     

6. Tilbakeføring av tomt

  1. Dersom vilkåra i punkt 5 f) ikkje vert oppfylt, skal tomta førast tilbake til kommunen. Dette vilkåret kan tinglysast på eigedomen.
  2. Tomta skal førast tilbake fri for hefte.
  3. Ved tilbakeføring av tomt til kommunen, blir søkar belasta for kostnadane kring dette. Motteke vederlag for tomta, fråtrekt kr 10 000,- og kostnadar, vert betala tilbake til søkar mot heftefritt skøyte på eigedomen.

7. Tilbakebetaling av subsidiering

  1. Dersom vilkåra i punkt 5 f) ikkje vert oppfylt, kan kommunen i staden for å krevje tomta tilbakeført etter punkt 6 b), velje å krevja subsidiebeløpet betalt tilbake. Subsidiebeløpet vil gå fram av søknadsskjemaet eller annan korrespondanse.
  2. Dersom vilkåra i punkt 5 g) eller h) ikkje vert oppfylt, kan kommunen krevje subsidiebeløpet betalt tilbake.
  3. Retten til tilbakebetaling av subsidiebeløpet kan tinglysast på eigedomen. Det same gjeld pant for kravet med fyrste prioritet. Når vilkåra for å krevje subsidiebeløpet tilbake fell frå, pliktar kommunen å slette hefte etter førespurnad.

8. Overføring av skjøte
Heimelen til tomta blir overført frå kommunen til søkar når byggjeløyva (løyve til iverksetting) etter plan- og bygningslova ligg føre, og kjøpesummen med kostnadar er motteken. Kommunen syter for tinglysing av skøyte.

9. Overtaking
Eigedomen vert seld «som den er», jf. Avhendingsloven § 3-9.

Eigedomen blir overteke av søkar når skøyte er tinglyst.

10. Unntak

Rådmann kan, innanfor ramma av fullmakta i delegeringsreglementet, gjere unntak frå desse vilkåra.