KDP for trafikksikring 2022-2025 vart vedteke i kommunestyret 17.03.22 i sak 19/22.
Planen har tatt utgangspunkt i malen for trafikksikringsplan frå Trygg Trafikk og er utarbeida i samarbeid med plan, næring og teknisk drift og infrastruktur. Formålet med planen er å gje ei heilskapleg oversikt over trafikktryggleiken i Vinje, prioritere tiltak og leggje til rette for haldningsskapande arbeid. Tiltaka i planen skal i sum skal bidra til reduksjon av ulykker med skadde på vegane i kommunen. Tiltak skal inkludera både fysiske og ikkje-fysiske tiltak og vera eit grunnlag for prioritering av ts-midlar innanfor dei rammer som vert tilgjengelege.

Trafikktryggleik handlar om å kunne bevege seg trygt i sitt lokale miljø, anten ein er fotgjengar, syklist eller bilist – born, ungdom eller vaksen.

Målet med TS-planen er

  • Ingen drepte eller hardt skadde trafikantar.
  • Trygg skuleveg.
  • Trygt for mjuke trafikantar.
  • Arbeide for gode kollektivløysingar i regionen.
  • Alle skal føle seg trygge i trafikken og innbyggjarane skal føle at det er trygt å ferdast i trafikken i kvardagen, mellom bustad, servicesenter og verksemder.
  • Kontinuerlig vurdere og sette i verk nødvendige tiltak med fokus på kva som kan gjerast av trafikksikringstiltak lokalt.
  • Målretta førebyggjande tiltak på lokaliserte ulykkepunkt der dei alvorlege ulykkene skjer.
  • Ha ein trygg og robust klimatilpassa kommune.

Ved hjelp av ein rekkje tiltak og haldningsskapande arbeid skal me nå denne målsetjinga. Ved godt tilrettelagte gang- og sykkelveger, god informasjon, god skilting, gode trygge veger og ikkje minst eit godt tverrsektorielt arbeid er målsetjinga i stor grad oppnåeleg.

Dokument

KDP trafikksikring 2022-2025
Handlingsplan
Samla saksframstilling med vedtak
Trafikkplan Vinjeskulen
Rettleiar trafikksikker kommune