Kommunestyret vedtok kommunedelplan for helse og omsorg i 2017. Planen skulle vore revidert i 2021, men er forseinka av kapasitetsmessige grunnar. Etter 1. gongs handsaming i OVU skal planen leggast ut til offentleg ettersyn i tråd med føringar i Plan og bygningslova. 
Endeleg politisk handsaming av planen er planlagt våren 2023.

Føremålet med planen er: 

  • Å ha eit overordna styringsverkty for helse- og meistring som sikrar oppfylling av juridiske plikter, og er i tråd med nasjonale og lokale føringar og framtida utfordringsbilete.
  • Å skissere retning for tenestene som sikrara framtidsretta og pasientorienterte tenester i tråd med kommunen sitt samfunnsoppdrag
  • Å synleggjere utfordringar og peike ut satsingsområde og strategiar
  • Å sikre eit effektivt og forpliktande samarbeid mellooom politikk, administrasjon og tenesteytande nivå
  • Å syte for deltaking og medverknad frå tilsette og innbyggjarar arbeidet med å utforme eit styringsverkty for Vinje kommune sine tenester innom Helse og meistring for dei neste 10- 15 åra.

Lenke til kommunedelplan Helse og meistring 2023-2030