Det nye rådet skal koordinere felles næringstiltak i kommunen og vere høyringsinstans i viktige saker.

Næringssjefen og to representantar frå kvart næringslag (Rauland, Haukeli og Åmot) skal utgjere næringsrådet. Rådet vil ha faste møte ein gong i kvartalet, i tilknyting til næringstreffa som kommunen arrangerer for alle verksemder i Vinje. Første møte blir onsdag 1. juni 2022.