Kommunen er pålagt gjennom plan- og bygningsloven å ha ein kommuneplan. Kommuneplanen er ein overordna politisk plan. Planen har ein samfunnsdel som omfattar mål og strategi for utviklinga i Vinje.

Kommuneplanen består også av ein arealdel som syner forvaltninga av arealar og andre naturressursar. 

Vinje kommune er også i gang med å revidere kommuneplanens arealdel, som også inkludere kommunedelplan for Åmot og kommunedelplan for Rauland. 

Kommuneplanens samfunnsdel

Kommuneplanens samfunnsdel vart vedteken i kommunetyre 01.06.2023 i sak 54/23. Samfunnsdelen tek stilling til langsiktige målsettingar, mål og strategiar og skal vere eit styringsdokument for sektoranes planar og verksemder i kommunen. Planen inneholder kommunens visjon, hovudmål og strategi innanfor fylgjende område / tema:

  • Vinje – ein god stad å vera for alle
  • Vinje - med naturen som berekraftig ressurs
  • Vinje – kompetansekommunen

Visjon: Vinje utfordrar framtida

• Befolkning og bustadar •  Natur, miljø og friluftsliv • Oppvekst • Helse- og omsorg • Folkehelse • Kultur og frivillighet • Næring og næringsutvikling • Samferdsel • Teknisk infrastruktur • Samfunnstryggleik, beredskap og klimatilpassing

Kommuneplanens arealdel 2011-2023

Kommunestyret vedtok i samsvar med plan- og bygningslovens § 11-15, i møte den 01.09.2011, sak 12/43 Kommuneplanens arealdel 2011-2023.

Arealdelen er juridisk bindande for arealbruken i kommunen, og skal leggjast til grunn for handsaming av alle plan- og byggjesaker.

Rullering av kommuneplanens arealdel er i gang

I tråd med kommunal planstrategi er kommunen i gang med rullering av kommuneplanens arealdel. Dette er ein stor plan, som dekker heile kommunen og er med på å styre arealbruken framover. Arbeidet vil gå føre seg over fleire år og viktige tema vert belyst. 
Det er viktig med innspel og engasjement! 
Ta kontakt med oss på e-post: postmottak@vinje.kommune.no, dersom du har spørsmål eller innspel til prosessen! 

På sida her vil me poste relevante dokument!

Planprogram for rullering av arealdelen klargjer kva tema som skal greiast ut i prosessen. Planprogrammet vart vedteke i kommunestyret 15.09.22

 

Kommunal planstrategi

I Kommunal planstrategi 2020-2023 vedtok kommunestyret 17.11.2022, sak 99/22 sin strategi for kommunalt planarbeid i valperioden.

Det er gjort prioriteringar av kva planarbeid som skal gjennomførast, og i kva rekkjefylgje dei skal gjerast.

Rullering av kommunal planstrategi 2024-2027

Frist for innspel er 11.04.2024
Innspela kan sendast på e-post til postmottak@vinje.kommune.no, eller til Vinje kommune, Vinjevegen 192, 3890 Vinje.