Jordmor vil gje deg ei god svangerskapsomsorg og me ynskjer å skape ei fin forventning fram mot fødselen og til den nye foreldrerolla. Det vert sett av god tid til svangerskapskontroll, samtale, informasjon og undervising. Alle gravide har ulike behov og me prøvar å tilretteleggje omsorga slik du ynskjer. Ved fyrste timeavtale får du bøker og informasjonsbrosjyrer.

I svangerskapet er det frivillig å gå til jordmor eller lege eller vekselvis til begge.

Det er for tida to jordmødre på helsestasjonen i Åmot, Helene Mølster Byggland og Sissel Aardalen Brekke.   

Svangerskapskontrollane

Sjølve svangerskapskontrollane inneheld:                    

  • Blodtrykksmåling
  • Urinkontroll                                                                                                  
  • Rekvirere blodprøver 
  • Vekt                                                
  • Lytte til barnet sine hjarteslag
  • Måle korleis barnet veks i magen
  • Jordmor kan henvise til ultralyd, gynekolog og fødepoliklinikk

Kurs

Foreldreførebuande kurs/undervising inneheld samtale om:

  • Ventetida
  • Amming
  • Fødsel
  • Barseltida
  • Prevensjon og etterkontroll

Føde/barselavdeling

Du vil få god informasjon om føde/barselavdelinga i Skien. Jordmor kan også bestille time til omvising. Dersom du har ynskje om ein annan fødestad formidlar jordmor kontakt dit. Alle i Vinje kommune har tilbod om fylgjeteneste til fødeavdelinga i Skien.