Det er kommunen si koordinerande eining (koordinerings- og tildelingskontor) som har det overordna ansvar for oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinator.

Koordinatoren skal sørge for naudsynt, individuell oppfylgjing og sikre samordning av tenestetilbodet. Koordinator skal avklare roller og forventingar og legge til rette for at pasient, brukar og pårørande deltek i prosessen. Koordinator skal sikre god informasjon og dialog og bidra til samhandling mellom aktørane i helsetenesta. Fastlegen har det medisinskfaglege koordineringsansvaret for pasientane på si liste.

Koordinator sitt arbeid skal journalførast på linje med anna tenesteyting.

Du kan lesa meir om koordinerings- og tildelingskontoret her. 

Lovar og retningsliner:

Helse- og omsorgstjenesteloven § 7-2. 

Veileder - Koordinator i kommunen og spesialhelsetjenesten