Smitterestriksjonar i Vinje kommune

På grunn av koronavirus har Vinje kommune vedtatt å innføre restriksjonar på kommunale institusjonar, reiseforbod for nøkkelpersonell og andre reduserte tilbod

For å førebygga og avgrensa smitta, verna sårbare grupper og halda oppe nødvendig kapasitet i helsetenestene, innfører Vinje kommune nye smitterestriksjonar. Restriksjonane er heimla i Smittevernlova § 4 og gjeld frå dagens dato, 11. mars.

Det er ein svært alvorleg situasjon landet vårt og verda er i. Korona er ikkje farleg for dei aller fleste, og prioriteringa vår er å sikra sårbare grupper og sikra drift av helsetenestene våre.

Tiltak:

Me oppfordrar at publikum tar kontakt med oss via e-post eller telefon framfor personleg oppmøte.
 
Kommunens kriseleiing møtast kvar dag for å evaluere situasjonen og drøfte førebyggjande tiltak. Kommunens nettside og Facebook side blir oppdatert med informasjon fleire gongar dagleg.

Tildeling av barnetilsyn

Som resten av landet stenger Vinje kommune det ordinære tilbodet i alle skular og barnehagar frå og med fredag 13. mars og til og med fredag 27. mars. Det er eit viktig tiltak for å avgrense smittefaren og stanse spreiing av Korona-viruset. Når det gjeld funksjonar som er kritiske for samfunnet vil me  gje tilbod om barnepass for aldersgruppa 1år og til og med 4. klasse.

Formålet er å sikre forsvarlig barnetilsyn for familiar med arbeid i kritiske samfunnsfunksjonar. Barnetilsyn skal skje i den barnehagen/småskule/SFO der barnet høyrer «heime» og i ordinær opningstid.

Kriterium for tildeling:

  • Føresette som arbeider med kritiske samfunnsfunksjonar, sjå definisjon under
  • Gjeld dei dagane føresette  i desse funksjonane er på arbeid

Funksjonar som er kritiske for samfunnet :

  • Styring og kriseleiing
  • Forsvar
  • Lov og orden
  • Helse og omsorg
  • Redningstenesta
  • IKT-sikkerheit i sivil sektor
  • Natur og miljø
  • Forsyningssikkerheit
  • Vatn og avløp
  • Finansielle tenester
  • Kraftforsyning
  • Elektroniske kommunikasjonstenester
  • Transport
  • Satellittbaserte tenester
  • Apotek
  • Daglegvare
  • Reinhald
  • Kommunalt nøkkelpersonell

Situasjonen endrar seg raskt. Det som er rett i dag, kan bli endra på i morgon.
Alt skjer fort og me klarar ikkje å halde alle oppdatert på alt til ein kvar tid. Me oppmodar alle til å følgje med og oppdatera seg på utviklinga via:

Rutiner ved institusjonar og kommunale bustader

Norheimstunet omsorgssenter, Rauland omsorgssenter, Bruli og Vinje sjukeheim er stengt for pårørande og alle som ikkje bur eller jobbar der. Pårørande som vil ha kontakt med sine, må ta kontakt på telefon med avdelinga i forkant.

Redusert kapasitet på legekontoret

Beredskap i samband med koronaviruset forårsakar meirarbeid i kommunen. Kommunelegen er blant dei som har auka beredskap i form av m.a. møter, dokumentasjon og informasjonsoppdateringar.

Det er pga dette redusert kapasitet på legekontoret ein periode framover. Dei som skal til legekontoret for vanlege/rutinemessige timar/kontroll må forventa litt lengre ventetid enn det som er vanleg.

På førehand, vi set stor pris på forståinga til publikum og tolmod i denne situasjonen.

Spørsmål og svar om koronaviruset

Mange born og unge har spørsmål om koronaviruset. I informasjonsfilmen svarar lege Helen i Helsedirektoratet på spørsmål.

Ynskjer du fakta-informasjon om koronaviruset. Gå inn på Folkehelseinstituttet sine nettsider. Der finn du oppdatert fakta og informasjon.

Har du spørsmål og vil snakke med nokon kan du også ringe ei eiga informasjonslinje som Helsedirektoratet har oppretta for å avlaste nødtelefonen og delar av helsetenesta. Tlf 815 55 015.