Kreftomsorg
Kreft fører til store endringar i livet. Tankar og bekymring kring behandling, økonomi og praktiske utfordringar er vanleg. Når eit menneske får kreft får det også fylgjer for dei som står nær. Familiens liv påverkast både kjenslemessig og sosialt. I ulike behandlingsfasar, i livssituasjonen generelt og ut i frå andre forhold kan det vera behov for ein kontaktperson i kommunen. Kreftkoordinator i kommunen er eit tilbod til kreftpasientar i ulike fasar. Kreftkoordinator skal vera tilgjengeleg for kreftpasientar, pårørande og helsepersonell.
Kreftkoordinator kan bidra med
- Råd, rettleiing til pasientar og pårørande
- Bistå i oppfylgjing av born og unge som er pårørande
- Oversikt over relevante tilbod og tenestar
- Samarbeid med heimesjukepleia, fysio -og ergoterapeutar, fastlegar, sjukehus og andre fagpersonar
- Vera eit bindeledd mellom sjukehus og kommunen, samt vera bidragsytar til heilskapeleg og samanhengande kreftomsorg
Kontaktinformasjon
Kreftkoordinator i Vinje kommune i 20% stilling, med kontordag kvar onsdag på Rauland er Gro Unni Torvetjønn, telefon 91 24 85 66. Ved fråver kan ynskje om kontakt bli meldt til Koordinering og tildelingskontoret på telefon 46 88 43 16.
Kontaktsjukepleiar i Heimetenestene og på Vinje Sjukeheim
Vinje kommune har primærhelseteam innan kreft. Heimetenestene og Vinje Sjukeheim har kontaktsjukepleiar for kreftpasientar, som i samarbeid med dei andre tilsette fylgjer opp brukarar og pårørande. Målet er å skape tryggleik, kontinuitet, tett oppfølging og god symptomlindring.
Kven kan ta kontakt
Du kan ta kontakt sjølv, eller be legen din, sjukehuset eller andre formidle kontakt. Tilbodet er gratis og krev ikkje tilvising frå lege.
Primærhelseteam
Primærhelseteam er ei tverrfagleg gruppe som skal arbeide saman for å gi god oppfølging til innbyggarane på fastlegen si liste.
Kjernen i teamet består av fastlegen saman med sjukepleiar og helsesekretær. Teamet jobbar ut frå pasienten sine behov og samordnar dei helse- og sosialtenestene som pasienten treng.