Er du mellom 16 og 25 år og har eit talent eller interesse utanom det vanlege innan sport eller andre kulturaktivitetar?

Då kan du søkje Kulturstipend eller Idrettsstipend – kvar på kr 25 000.

Intensjonen bak desse stipendmidlane er å vidareutvikle din dugleik og interesse.

Søknadsfrist er 15.november.

Vedtekter - vedteke i OVU 03.02.2010

1 Kvart år vert det utlyst to stipend, eit Kulturstipend og eit Idrottsstipend, kvar på kr 25 000.

2 Utøvarar som har heimeadresse i Vinje, og som er mellom 16-25 år, kan søkje.

3 Same utøvar kan få stipend inntil to gonger, men ikkje to år på rad.

4 Søkjarane må kunna dokumentere dugleik, talent og interesse utanom det vanlege på sitt område. Tilrådingar frå lag/organisasjonar og personar som meinar søkjaren er kvalifisert til å få eit Kultur – eller Idrottsstipend, kan leggjast ved søknaden.

5 Intensjonen er at stipendmidlane skal føre til ei vidareutvikling av interesse og dugleik. Det må difor gå fram av søknaden kva midlane skal nyttast til.

6 Idrottsråd og Eining for kultur vurderer søknadane og gjev sine fagleg råd innstilling. Eining for kultur legg fram ei sak med desse tilrådingane til Oppvekst- og velferdsutvalet som gjer endeleg vedtak om tildeling av stipenda.

7 Intensjonen er at stipenda skal delast ut årleg. Men dersom tildelar finn at ingen av søkjarane er kvalifiserte, kan dei avsette stipendmidlane nyttast til ungdomsprosjekt.

8 Det skal brukast eige søknadsskjema. Søknadsfrist vert sett til 15.11.