Kulturmiljøplan

Det er brei politisk semje om at Vinje også i framtida skal assosierast med kultur, natur og tradisjon, og kommunen har difor starta arbeidet med å lage ein kulturmiljøplan. NIKU (Norsk institutt for kulturminneforsking) er engasjert til dette arbeidet, som vil gå føre seg i 2024. 

Kulturmiljøplanen vil vera ein temaplan. Han skal gje oversikt over og styrkje forvaltinga av viktige kulturminne og kulturmiljø som er verdifulle å ta vare på for oss sjølve og dei som kjem etter oss. Dette kan vera både nyare og eldre bygningar og byggverk, område og kulturlandskap eller arkeologiske spor. Det kan også vera stader knytte til immateriell kultur-arv, det vil seie levande tradisjonar og tradisjonell kunnskap som blir overført mellom folk. 

Planen skal gje råd om korleis kulturmiljø og kulturminne kan vera ressursar for stadutvikling, kultur- og næringsliv, bidra til å styrkje særpreget og identiteten til Vinje, og vera kjelder til kunnskap og gode opplevingar for både innbyggjarar og besøkjande. Kulturmiljøplanen vil òg vera eit kulturminnefagleg grunnlag for arbeidet med ny arealdel til kommuneplanen.

Ta kontakt med verksemdsleiar for kultur og fritid Kristian W. Rantala, kristian.rantala@vinje.kommune.no, om de har spørsmål til arbeidet med kulturminneplanen.

Dokumenter - Utkast til kulturminneplan frå 2013: 
Del 1 
Del 2