Vinje kommune kunngjer med dette at detaljregulering for Arbuviki 99/8 i Vågslid, plan ID 20200010, er vedteke i kommunestyret den 17.09.24, sak 118/24.  

Planen legg til rette for ei fortetting og oppgradering av eksisterande hyttefelt i Arbuviki, med tilhøyrande infrastruktur og grønstruktur.

Meir informasjon 

Plandokumenta kan du sjå her, i kommunes planregister. Du kan også be om dokumenta på Tenestetorget på kommunehuset i Åmot, eller du kan kontakte oss på telefon 35 06 23 00. 

Klage på vedtaket 

Dersom du har klagerett kan du koma med skriftleg klage til Vinje kommune. Klaga sender du til Vinje kommune, Vinjevegen 192, 3890 Vinje, eller på e-post til postmottak@vinje.kommune.noinnan 25.11.2024. Dersom kommunen ikkje tek klaga til fylgje, blir klaga sendt til statsforvaltaren. Statsforvaltaren tek endeleg stilling til klaga. 

Heimel 

Detaljregulering for Arbuviki 99/8 vart vedteke i medhald av plan- og bygningslova § 12-12. Klagerett etter plan- og bygningsloven §§ 1-9 og 12-12, jf. forvaltningsloven kap. VI.