Vinje kommune kunngjer med dette at detaljregulering for Stuvetrå 118/65, planID 20230004, er vedteke i kommunestyret 17.09.24, sak 117/24.
Klagefrist
Dersom du har klagerett kan du kome med skriftlege klage til Vinje kommune. Klaga sender du til Vinje kommune, Vinjevegen 192, 3890 Vinje, eller på e-post til postmottak@vinje.kommune.no, innan 18.10.2024.
Meir informasjon
Planframlegget og plandokumenta kan du sjå i kommunen sitt planregister her. Du kan også be om dokumenta på Tenestetorget på kommunehuset i Åmot, eller du kan kontakte oss på telefon 35 06 23 00.
Heimel
Detaljregulering for Stuvetråd 118/65 vart vedteke i medhald av plan- og bygningslova § 12-12. Klagerett etter plan- og bygningsloven §§ 1-9 og 12-12, jf. forvaltningsloven kap. VI. Krav om erstatning eller innsyn jf. plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3.