Statens kartverk gjorde 15.07.2022 vedtak om skrivemåten av fylgjande stadnamn i Vinje kommune:
•             Kvikkeflotti, slette, oppslagsnr. 546294

Vedtaket er gjort med heimel i § 7 tredje ledd i lov om stadnamn.

Klage på vedtaket
Dei som har klagerett etter lov om stadnamn (offentleg organ, grunneigar/heimelshavar, lokal organisasjon med særleg tilknyting til stadnamn, stadnamnteneste) kan klage på vedtaket til kartverket innan 05.09.2022. 

Ei eventuell klage skal sendast til Kartverket, post@kartverket.no med kopi til Vinje kommune, postmottak@vinje.kommune.no

Klaga skal grunngjevast, og grunngjevinga må omtala alle namn eller namneledd klaga gjeld.

Bakgrunn 
Namnesaka vart teken opp av Hardangervidda Grunneigarsamskipnad, avdeling Vinje v/Johan Vaa, i brev datert 16.06.2021. Namnesaka vart reist for å fastsetja rett skrivemåte av namnet for offentleg bruk. Kartverket sendte saka til høyring og kunngjering i Vinje kommune i brev datert 10.08.2021, i tråd med § 8 i lova. I brev datert 12.10.2021 har kommunen sendt dei lokale høyringssvara til Språkrådet. 

Rettsleg grunnlag 
Når ein skal fastsetja skrivemåten av eit stadnamn for offentleg bruk, er hovudregelen at ein skal ta utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen av namnet. Skrivemåten skal fylgja gjeldande rettskrivingsprinsipp i norsk, jf. § 4 fyrste ledd i lova. Skrivemåten skal vera praktisk og ikkje skyggja for meiningsinnhaldet i namnet, jf. § 1 fyrste ledd. 

I utfyllande reglar om skrivemåten av norske stadnamn er det meir detaljerte reglar om korleis stadnamn skal normerast. 

I tillegg må det takast omsyn til normeringspraksisen i området og skrifttradisjonen for namnet saka gjeld, og kva som er registrert i Sentralt stadnamnregister (SSR) frå før. Lokale ynske frå dei som har uttalerett skal òg spela inn. 


Kartverket si vurdering 
Uttale
Etter hovudregelen i stadnamnlova § 4 fyrste ledd skal ein ta utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen av namnet. Høyringsinnspela vis at talemålet er inkonsekvent når det gjeld bunden kontra ubunden form, men at det her skal vera bunden form (Kvikkeflotti) ifølgje Hardangervidda Grunneigarsamskipnad. Det same bekreftast av innspel frå grunneigarar. Likevel skriv Rauland Historielag at uttala er Kvikkeflott. 

Heradsregisteret (1979) har registrert uttalen /kvik`kəflott/

Det er ikkje samsvar mellom alle uttaleopplysningane. Denne inkonsekvensen samsvarer med det Vidar Haslum (Artikkelløse stedsnavn i norsk talespråk, dr.art-avhanling, Bergen 2003) har funne når det gjeld artikkelvariasjon. Det finnes område der eitt og same grunnord står i bunden og ubunden form.

Inkonsekvensen i uttala gjer at vi vil vektleggja uttaleopplysningar frå grunneier, noe språkrådet også har gjort.

Meiningsinnhaldet
Hokjønnsordet Flot tyder ifølgje Språkrådet på flat mark, flate og er i nynorskordboka ført opp med kort konsonant, medan vinjemålet her har lang konsonant (jf. Liknande variasjon mellom til dømes kome/komme, sumar/summar). Skrivemåten av namnet bør her følgje talemålet og uttalen ifølgje språkrådets tilråding.

Skrifttradisjon
I fyrste utgåva av økonomisk kartverk og på 1: 50 000 kartblad 1514-4 frå 2013 er skrivemåten Kvikkeflott.

På Norge 1: 50 000 har vi funne Kvikkeflotti på kartblad 1514-4 utgåve frå 2004, 1993, 1984 og 1952. Kvifor det plutseleg i 2013 er endra til Kvikkeflott er usikkert, men det er lang tradisjon for Kvikkeflotti på 1: 50 000. Dette må tvileggjast vekt.

Høyringssvar og tilråding
Hardangervidda Grunneigarsamskipnad, avdeling Vinje v/Johan Vaa har meint at Kvinneflotti er riktig skrivemåten av namnet. Rauland historielag meiner at Kvikkeflott er det riktige. Grunneigarane skriv følgjande «Me har alltid brukt navnet Kvikkeflotti på området».

Språkrådet tilrår skrivemåten Kvikkeflotti i brev datert 22.10.2021.

Kartverket si vurdering
Hovudregelen at ein skal ta utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen av namnet. Det er litt inkonsekvens i opplysningane Kartverket har mottatt, men Kvikkeflotti virka å vere den skrivemåten som samsvarer med den uttalen som brukast av lokalbefolkninga i dag og må regnast som den nedervde uttalen. Dette tilseier at skrivemåten skal være Kvikkeflotti.
Skrivemåten skal også fylgja gjeldande rettskrivingsprinsipp i norsk, jf. § 4 fyrste ledd i lova. Dei utfyllande reglane for skrivemåten av norske stadnamn opnar for både -i og -e i bunden form av sterke hokjønnsord i samsvare med uttalen. I Namnesak 2021/331 om Totaknose/Totaknosi, der det blir argumenterast for det same for bunden form eintal av sterke hokjønnsord i Vinje. Dette opnar opp for begge skrivemåtar.

Kvikkeflotti har lang skrifttradisjon, og er i samsvar med den nedervde uttalen, og befolkninga ønskjer denne skrivemåten. 

Det må også tvileggjast vekt at Språkrådet tilrår denne skrivemåten. Etter en totalvurdering vedtar Kartverket Kvikkeflotti som skrivemåten for naturnamnet i Vinje kommune.

Kunngjering
Kommunen skal syta for at vedtaket vert gjort kjent for dei partane i kommunen som har klagerett etter § 12 fyrste ledd i lova, og som ikkje er adressatar i dette brevet. Jf. § 9 i forskrift om stadnamn.

Bruken av vedtekne skrivemåtar 
Kartverket vil minna om reglane i stadnamnlova om plikt til å bruka vedtekne skrivemåtar, jf. § 11, særskilt fyrste setning, som har denne ordlyden: «Når skrivemåten av eit stadnamn er fastsett etter denne lova og ført inn i stadnamnregisteret, skal han brukast av eige tiltak av dei som er nemnde i § 1 tredje ledd». Det vil seia organ for stat, fylkeskommune og kommune og selskap som det offentlege eig fullt ut.

Kartverket presiserer at lov om stadnamn regulerer offentleg bruk av stadnamn. Privatpersonar og bedrifter som ikkje er heileigde av det offentlege, er difor ikkje pålagde å fylgja vedtekne skrivemåtar.

Når det same namnet er brukt om ulike namneobjekt på same staden, skal skrivemåten i primærfunksjonen som hovudregel vera retningsgjevande for skrivemåten i dei andre funksjonane. Dersom dette vedtaket vert ståande utan at det vert påklaga, legg kartverket difor til grunn at kommunen vedtek same skrivemåten i ev. adressenamn og adressetilleggsnamn der namnet vert nytta.

Når det er gjort vedtak om adressenamn, adressetilleggsnamn og krinsnamn (grunn-, val-, skulekrins og kyrkjesokn), skal den vedtekne skrivemåten leggjast inn i matrikkelen, og adressenamn i SSR verta oppdaterte frå matrikkelen. Vedtak om adressenamn skal framleis sendast til m.a. Kartverket, jf. § 9 fjerde ledd i forskrift om stadnamn.

Kartverket fører den vedtekne skrivemåten av bruksnamn i SSR, og skrivemåten vert henta inn i matrikkelen derifrå.

Meir om klagerett 
Vedtak om skrivemåten kan etter § 12 i lov om stadnamn påklagast av dei som etter § 6 bokstav a til c har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn. Klagefristen er tre veker frå meldinga om vedtaket er komen fram til mottakaren, jf. § 9 i forskrift om stadnamn. Dersom meldinga skjer med offentleg kunngjering, tek klagefristen til frå den dagen vedtaket vert kunngjort fyrste gongen. Dei som har klagerett, har rett til å sjå saksdokumenta, som er arkiverte hjå vedtaksorganet. Det er høve til å søkja om utsett iverksetjing av vedtaket til klagefristen er ute eller klaga er avgjord.

Når ein tek opp ei klagesak, gjeld dei same sakshandsamingsreglane som for namnesaker elles. Dersom vedtaket vert oppretthalde, sender Kartverket saka vidare til Klagenemnda for stadnamnsaker, som er oppnemnd av Kulturdepartementet.

Dokument i saka:
Vedtak
Høyringssvar