Statens kartverk gjorde 28.04.2022 vedtak om skrivemåten av fleire stadnamn i Vinje kommune slik det går fram av den vedlagte lista.

Vedtaket er gjort med heimel i § 7 tredje ledd i lov om stadnamn.

Dei vedtekne stadnamna er fylgjande:
Åsbog – Seter/støl
Åsbogdalen – Dal
Åsbogtjønni - Tjern

Bakgrunn
Namnesaka vart gjenopna av Kartverket i medhald av § 12 i forskrift om stadnamn, i samband med ein førespurnad frå både Rauland Historielag og Vinje kommune, jf. e-brev datert 16.12.2021. Det kom inn nye opplysningar om at det i seinare tid har vore vanleg å nytta uttalen /Åsbekkdalen/. Namnesaka vart gjenopna for å fastsetja rett skrivemåte for offentleg bruk.

Kartverket sendte saka om gjenopptaking av namnesak 2022/11 – Åsbogdalen/Åsbokdalen/Åsbekkddalen til Vinje kommune i brev datert 04.01.2022. I brev datert 17.02.2022 har kommunen sendt dei lokale høyringssvara til Språkrådet. Språkrådet har gitt sin tilråding i brev datert 17.03.2022

Rettsleg grunnlag
Når ein skal fastsetja skrivemåten av eit stadnamn for offentleg bruk, er hovudregelen at ein skal ta utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen av namnet. Skrivemåten skal fylgja gjeldande rettskrivingsprinsipp i norsk, jf. § 4 fyrste ledd i lova. Skrivemåten skal vera praktisk og ikkje skyggja for meiningsinnhaldet i namnet, jf. § 1 fyrste ledd.

I utfyllande reglar om skrivemåten av norske stadnamn er det meir detaljerte reglar om korleis stadnamn skal normerast.

I tillegg må det takast omsyn til normeringspraksisen i området og skrifttradisjonen for namnet saka gjeld, og kva som er registrert i Sentralt stadnamnregister (SSR) frå før. Lokale ynske frå dei som har uttalerett skal òg spela inn.

Kunngjering
Kommunen skal syta for at vedtaket vert gjort kjent for dei partane i kommunen som har klagerett etter § 12 fyrste ledd i lova, og som ikkje er adressatar i dette brevet. Jf. § 9 i forskrift om stadnamn.

Bruken av vedtekne skrivemåtar
Kartverket vil minna om reglane i stadnamnlova om plikt til å bruka vedtekne skrivemåtar, jf. § 11, særskilt fyrste setning, som har denne ordlyden: «Når skrivemåten av eit stadnamn er fastsett etter denne lova og ført inn i stadnamnregisteret, skal han brukast av eige tiltak av dei som er nemnde i § 1 tredje ledd». Det vil seia organ for stat, fylkeskommune og kommune og selskap som det offentlege eig fullt ut.

Kartverket presiserer at lov om stadnamn regulerer offentleg bruk av stadnamn. Privatpersonar og bedrifter som ikkje er heileigde av det offentlege, er difor ikkje pålagde å fylgja vedtekne skrivemåtar.

Når det same namnet er brukt om ulike namneobjekt på same staden, skal skrivemåten i primærfunksjonen som hovudregel vera retningsgjevande for skrivemåten i dei andre funksjonane. Dersom dette vedtaket vert ståande utan at det vert påklaga, legg Kartverket difor til grunn at kommunen vedtek same skrivemåten i ev. adressenamn og adressetilleggsnamn der namnet vert nytta.

Vinje kommune vil presisere at kommunen er vedtaksmynde for offisielle adresser. Det offisielle adressenamnet er Åsbekkdalen etter vedtak gjort i kommunestyret 20.05.2010, sak 10/34. Det er sendt ut eit eige brev om dette 02.05.2022 til røyrde partar.

Når det er gjort vedtak om adressenamn, adressetilleggsnamn og krinsnamn (grunn-, val-, skulekrins og kyrkjesokn), skal den vedtekne skrivemåten leggjast inn i matrikkelen, og adressenamn i SSR verta oppdaterte frå matrikkelen. Vedtak om adressenamn skal framleis sendast til m.a. Kartverket, jf. § 9 fjerde ledd i forskrift om stadnamn. Kartverket fører den vedtekne skrivemåten av bruksnamn i SSR, og skrivemåten vert henta inn i matrikkelen derifrå.

Klage
Vedtak om skrivemåten kan etter § 12 i lov om stadnamn påklagast av dei som etter § 6 bokstav a til c har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn.
a.         eit offentleg organ og andre som er nemnde i § 1 tredje ledd
b.         eigaren eller festaren i saker som gjeld namn på eige gardsbruk eller eigedom
c.         ein lokal organisasjon med særleg tilknyting til eit stadnamn

Klagefristen er tre veker frå meldinga om vedtaket er komen fram til mottakaren, jf. § 9 i forskrift om stadnamn. Dersom meldinga skjer med offentleg kunngjering, tek klagefristen til frå den dagen vedtaket vert kunngjort fyrste gongen. Dei som har klagerett, har rett til å sjå saksdokumenta, som er arkiverte hjå vedtaksorganet. Det er høve til å søkja om utsett iverksetjing av vedtaket til klagefristen er ute eller klaga er avgjord.

Ei eventuell klage skal sendast til Kartverket med kopi til kommune innan 24.05.2022. Klaga skal grunngjevast, og grunngjevinga må omtala alle namn eller namneledd klaga gjeld.

Når ein tek opp ei klagesak, gjeld dei same sakshandsamingsreglane som for namnesaker elles. Dersom vedtaket vert oppretthalde, sender Kartverket saka vidare til Klagenemnda for stadnamnsaker, som er oppnemnd av Kulturdepartementet.

Dokumenter:
Vedtaksbrev
Namneliste med vedtak
Tilråding frå Språkrådet