Telemark Næringshage

Telemark Næringshage jobbar med næringsutvikling innanfor mange fagområde og har fleire tenester retta mot verksemder som ønskjer å utvikle seg vidare. Les meir om tilbodet til Telemark Næringshage

Tilskot frå fylkeskommunen til bedriftsintern opplæring

Bedriftsintern opplæring (BIO) er ei tilskotsordning frå Vestfold og Telemark fylkeskommune. Verksemder som vil gjere ei vesentleg endring av produksjonen, etablere seg på nye marknader eller treng eit kompetanseløft, kan søke om BIO-midlar. Det er fleire søknadsfristar gjennom året. Les meir på fylkeskommunen sine nettsider

Etter- og vidareutdanning

Nettbasert opplæring

  • Innovasjon Noreg - nettbaserte kurs, spesielt knytt til eksport og internasjonalisering

  • DigitalNorway - nettbaserte rettleiarar og introduksjonskurs om teknologi og digitalisering

  • Start i Vestfold - etablerertenesta i Vestfold arrangerer ein del webinar om viktige tema som datatryggleik og økonomi

  • Lørn.tech - nettstad med mykje innhald knytt til teknologi

  • Google Garage - nettkurs og webinar i regi av Google, med fokus på digital marknadsføring