Nytt innsatsteam i Vinje kommune

Me veit at det å ha det trygt og godt i barnehagen, på skulen og på SFO er avgjerande for barn og unge sin læring, livskvalitet og livsmeistring- både her og no og seinare i livet. Det er difor særs viktig at det blir arbeidd kontinuerleg og systematisk for at alle barn skal kjenne at dei høyrer til, og opplever å vere ein verdifull del av fellesskapa i barnehagen, på SFO og på skulen. Dette vil førebygge mistrivnad, mobbing og fråfall i skulen. I prosjektet Inkluderande barnehage- og skulemiljø (2018-2020) arbeida me mykje med denne tematikken. 
 

Læringsmiljøteamet (LMT)
Arbeidet med å få til trygge og gode barnehage- og skulemiljø er  noko det må arbeidast kontinuerleg med, og kommunen har difor oppretta eit kommunalt innsatsteam som me har valt å kalle: Læringsmiljøteamet (LMT). 
Dette teamet skal vere eit tverrfagleg rettleiingsteam som har følgjande hovudmål:

  • Å førebygge utanforskap ved å jobbe for at alle barn i Vinje skal kjenne at dei høyrer til, og opplever å vere ein verdifull del av fellesskapa i barnehagen, på SFO og på skulen. Dette skal føre til inkludering.
  • Å bidra til at barna i Vinje blir trygge, slik at dei kan ta ein aktiv rolle i kampen mot utanforskap og for innanforskap. 

Desse måla skal teamet jobbe mot, ved å:

  • Støtte barnehagane og skulane i arbeidet med å sikre at barna i Vinje har eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. 

Teamet skal  jobbe førebyggande, og vidareføre mykje av det IBSM-prosjektet tok for seg. Info om dette prosjektet finn du her.
I tillegg skal teamet gje rettleiing til barnehagar og skular i nokon enkeltsaker der barn og unge ikkje har eit trygt og godt  barnehagemiljø/skulemiljø. 
Teamet startar opp sitt arbeid hausten 2022. Det fyrste året vil fungere som ein pilot der me skal finne fram til gode måtar å jobbe på.

Kven består teamet av? 
Teamet består av fagpersonar som arbeider i barnehage, på SFO, i grunnskulen, på vidaregåande skule og i skulehelsetenesta. Koordinator for teamet er Grethe Seim.

Samarbeid med Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger 
I perioden: hausten 2022 t.o.m. våren 2023,  vil teamet sine deltakarar få kompetanseheving og rettleiing frå Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger. Dette vil bidra til å sikre at dei som er ein del av teamet har spisskompetanse på det å fremje trygge og gode barnehage- og skulemiljø, samt å førebygge og handtere mistrivnad, utanforskap mobbing og andre krenkingar.

Samarbeid med andre aktørar 
I tillegg til å samarbeide med Læringsmiljøsenteret, skal LMT også samarbeide med  Rehabiliteringssenteret på Rauland (AiR), Pedagogisk-psykologisk teneste i Vest-Telemark, BUFETAT Miljøheimen avdeling Vinje, NAV, samt med ein aktør frå lokalt næringsliv. Dette er aktørar som kjenner til utfordringane kring utanforskap, og som vil bidra med innspel og idear til arbeidet i LMT. Ved å samarbeide med desse aktørane meiner me at me i større grad vil kunne sjå barn og unge sin oppvekst i eit heilskapleg perspektiv. Dette trur me at vil bidra til utvikling av nye måtar å jobbe på for å førebygge utanforskap og fremje inkludering.

Korleis kontakte LMT?
Barnehagestyrarane og rektorane kan ta kontakt med Læringsmiljøteamet for å:

  1. få støtte i det førebyggande arbeidet knytt til barna sitt psykososiale miljø(t.d. gjennom at personalet får auka si kompetanse på dette området).
  2. Dei kan også ta kontakt dersom dei har enkeltsaker der eit eller fleire barn ikkje har det trygt og godt i barnehagen eller på skulen, og der det dei førebels har gjort i saka ikkje har ført til betring. Læringsmiljøteamet vil aldri overta saker frå barnehagane og skulane, men vil kunne gje rettleiing ved behov.

Korleis får eg som forelder kontakt med teamet? 
Du som forelder kan ikkje ta direkte kontakt med Læringsmiljøteamet. Dersom du ynskjer at Læringsmiljøteamet skal bidra i ei sak må du seie i frå om dette til barnehagestyrar eller rektor ved den aktuelle eininga, slik at dei kan kontakte LMT. Dette er for å få ein ryddig saksgang. 
Dersom de har spørsmål eller innspel til teamet sitt arbeid kan de ta kontakt med koordinator for teamet.

Facebooksida som tidligare blei bruka til å formidle informasjon om IBSM-prosjektet vil no bli bruka til å formidle informasjon om LMT. Me oppfordrar dykk til å følge denne sida. Sida kan du sjå her