Me har eit aukande behov for kvalifisert arbeidskraft, og me ser på lærlingordninga som ein viktig rekrutteringskanal for nye medarbeidarar.
Opptak og antal lærlingar variere frå år til år, i takt med endt læretid for lærlingane som allereie er inne i eit læretidsløp.
Vinje kommune tilbyr lærlingeplassar innan helse- og oppvekstfag. Me har ikkje sett eit tak på kor mange lærlingeplassar me tilbyr, men gjer ein vurdering av søkjarane og moglegheit for god oppfølging i læretida. Det er også mogleg å søkje lærlingplass innan IT, kontorfaget og som institusjonskokk.
Me er medlem av OKOS, Opplæringskontoret for offentleg sektor i Telemark.
Informasjon om kven som kan bli lærling, og kva det vil sei å vere lærling finn du på OKOS si heimeside. Søknad om læreplass må gå gjennom OKOS, og du må registrere søknaden gjennom VIGO. På VIGO er søknadsfristen 01.03.
Kva skjer etter at du har søkt lærlingplass hjå oss via OKOS?
Dersom me har ledig lærlingplass blir aktuelle søkjarar kalla inn til intervju.
Til stades på intervjuet er det eit tilsettingsutval (verksemdsleiar/avdelingsleiar og tillitsvald).
Tilbod om lærlingplass, arbeidsavtale og løn
Om du får læreplass i Vinje kommune, vil det bli oppretta ei skriftleg arbeidsavtale og lærekontrakt.
Arbeidsavtala med kommunen regulerer rolla som arbeidstakar, arbeidstid og løn. Som lærling får du årsløn som fagarbeidar utan ansiennitet fordelt på to år. I Vinje vil du få utbetalt 50% andel av årsløna til ein fagarbeidar med fagbrev i heile læreperioden.
Arbeidsavtala fylgjer lærekontrakta.
Lærekontrakta med fylkeskommunen regulerer rolla som lærling.
Rettleiar
Du vil få ein rettleiar (instruktør) som saman med fagleg leiar har hovudansvaret for deg og din faglege utvikling. Rettleiaren vil også hjelpe deg slik at du blir kjent med arbeidsmiljøet og kollegaer, og er også ein rollemodell for deg som lærling. Men husk - det er viktig at du sjølv også prøvar å vere aktiv både fagleg og sosialt.
Fagleg leiar
Fagleg leiar har hovudansvaret for opplæringa og skal sikre at me som lærestad oppfyller læreplanen sine krav. Fagleg leiar er også ein støttespelar for deg og rettleiaren.
Næraste leiar
Som alle andre tilsette vil du også få ein leiar, nærmaste leiar, som forvaltar arbeidsgivaransvaret for deg. Det beyr at vedkomande skal fylgje deg opp etter kommunen sine reglement og prosedyrer.
Velkomen som lærling i Vinje kommune!