Formålet med prosjektet har vore å lage ein overordna plan/skisse som kan liggje til grunn for å skape ein triveleg møteplass for innbyggjarane, formålstenlege uteområde kring Vinjesenteret og ein attraktiv stoppeplass for tilreisande, i form av eit egna friluftsområde, badeplass og «strandpromenade».

Landskapsplanen skal vere eit utgangspunkt for konkrete tiltak, som kan utførast i regi av dei ulike interessentane i området. Alt planen skisserar treng ikkje opparbeidast med ein gong, det kan vere ein utvikling over tid.

  • Skissa ser du her.
  • Skildringa av planen ser du her.

Landskapsplanen kan sjåast i stort format ved inngangen på Vinjesenteret frå den offisielle opninga av senteret og ei god veke fram i tid.
Det blei gjennomført folkemøte i regi av Liv i Vinje den 19.10.21

  • Notat frå folkemøte ser du her
  • Oppsummering av innspel ser du her

Har de spørsmål til planen ta gjerne kontakt med plan- og miljørådgjevar Anne-Sofie B. Strømme, anne-sofie.stromme@vinje.kommune.no