Pilotprosjektet for å koma seg trygt heim frå arrangement blei lansert i dag på www.vinjenett.no og tilbodet gjeld for dei mellom 13 og 30 år.
Vinje taxi kjøyrer deg heim innanfor kommunens grenser for ein femtilapp per person, ein kan bestille tenesten i tidsrommet 18.00 - 06.00 kvar dag.
Det tek minst tre kvarter frå ein har bestilt drosja til ho kjem, tek det lengre tid vil ein få beskjed om dette og moglegheit til å avbestille turen.
Kommunikasjonen gjeng over e-post og ein kan bruke både kort og Vipps for å betale.
Vinje kommune har bruka 150 000,- kroner på å utvikle tenesta og det er sett av 50 000,- til bruk.
Ungdomen betalar ein femtilapp og kummunen betalar differansen slik at ein kan koma seg trygt heim.