Du skal sjå til innretningane regelmessig og leggje opp gode rutinar for drift og vedlikehald.
Du sender melding dersom verksemda har:
- kjøletårn
- luftskrubbar
- badeanlegg
- boblebad som er tilgjengeleg for allmenta
Meldeplikta har heimel i lov om folkehelsearbeid § 10.
Du tar mikrobiologiske prøver dersom verksemda har:
- kjøletårn
- luftskrubbar
- fuktanlegg
- innandørs fontene
Så sant du ikkje kan dokumentere at vekst og spreiing av legionellabakteriar ikkje vil skje.
Dersom det er mistanke om utbrot, skal du ta mikrobiologiske prøver av alle installasjonane som kan vere årsaka til smitta før du går i gang med å reingjere og desinfisere.
Legionellabakteriar finst naturleg i låge konsentrasjonar i overflatevatn og jordsmonn. Det er først når dei får formere seg over lengre tid i lunka vatn i tekniske installasjonar, at dei kan føre til smittefare. VVS-installasjonar som kjøletårn, dusjanlegg og boblebad blir rekna som dei viktigaste kjeldene, men òg andre kjelder (som luftskrubbarar, sprinklaranlegg og fontener) kan overføre bakterien.
Målgruppe
Eigarar av verksemder eller eigedomar som direkte eller indirekte kan spreie legionella.
Melding om verksemda inneber ikkje at kommunen gjer eit vedtak. Men dersom meldinga avdekkjer forhold som er i strid med krava til forsvarleg drift, kan kommunen gje pålegg om konsekvensutgreiing, retting, tvangsmulkt eller stans av verksemda. Kommunen vil utøve eit fagleg skjønn, og det må vere eit fornuftig forhold mellom nytte og kostnad ved eit pålegg.
Lovar og retningsliner
Meldeplikta har heimel i Lov om folkehelsearbeid § 10. Sjå òg arbeidsmiljølova § 4-1, Folkehelselova kap. 3 og Plan- og bygningslova § 29-6.
- Arbeidsmiljølova
- Folkehelselova
- Plan- og bygningslova
- Byggteknisk forskrift (TEK17)
- Forskrift for badeanlegg, bassengbad og badstu
- Forskrift om allmennfarlege smittsame sjukdomar
- Forskrift om miljøretta helsevern
- Forskrift om tiltaks- og grenseverdiar
- Internkontrollforskrifta
- Førebygging av legionellasjukdom